Hopp til innhold

Letta over at dottera kjem heim

Foreldra til sjukepleiaren Sissel Overvoll (31) frå Stranda er letta over at dottera no er på veg heim frå Sierra Leone.

HEALTH-EBOLA/USA Handout of Dr. Kent Brantly of Samitan's Purse relief organization in Monrovia

SIERRA LEONE: Den siste tida har sjukepleiaren Sissel Overvoll (31) frå Stranda jobba for leger utan grenser i Sierra Leone.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Det er sjølvsagt trist at nokon andre har blitt smitta, men vi er letta over at det ikkje var Sissel denne gongen, fortel faren til Sissel, Svein Ottar Overvoll.

Det var Leger Uten Grenser som tidlegare i dag offentleggjorde nyheita om at ei norsk kvinne er smitta av ebola. Kvinna skal ha jobba for organisasjonen i Sierra Leone, og er no på veg heimover mot Noreg.

Feltarbeidaren blei plassert i isolat søndag, etter å ha utvikla feber. Testar gjort same dag, viste at ho var smitta av ebola. Familien er varsla.

Kvinna blir sendt i ambulansefly frå Hovedstaden Freetown seint måndag kveld, og vil truleg kome til Noreg tysdag morgon. Ho vil bli behandla på isolat ved Oslo universitetssjukehus.

Tredje turen

Heime i Noreg sit foreldra til sjukepleiaren Sissel Overvoll frå Stranda og ventar på at dottera skal lande på norsk jord i morgon.

Ho er no på veg heim etter sin tredje tur til Vest-Afrika med Leger Uten Grenser. Kvinna som no er smitta skal ha jobba i same området som Overvoll.

Sissel har tidlegare vore i Sierra Leone og Liberia, der ho har jobba på Leger utan grenser sine behandlingssenter for ebolaramma. Frå mars til april var ho i Guinea og risikerte livet sitt i kampen mot sjukdomen.

I august reiste ho igjen til Sierra Leone for å bidra i hjelpearbeidet, men fortalde då at ho ikkje frykta ebolasmitte.

Saka held fram etter biletet.

Sissel Overvoll møter pasient med ebola

MØTER EBOLAPASIENT: Sykepleieren Sissel Overvoll snakkar med ein pasient mistenkt for å ha ebolaviruset ved Leger Uten Grenser sitt behandlingssenter i byen Gueckedou i Guinea.

Evig frykt

Faren til Sissel innrømmer at frykta for at dottera skal bli smitta av ebola har vore ei kjelde til stadig uro.

– Dess meir vi har høyrt om sjukdomen, dess tøffare blir det for oss her heime, seier Overvoll.

Sissel er akkurat no i Brussel, men er forventa å lande i Noreg i morgon. Overvoll fortel at dei snakka med dottera for nokre dagar sidan, og at ho då opplyste at ho var frisk.

– Det er sjølvsagt litt uvisst enno, ettersom smittetida ikkje er over, men ifølgje ho sjølv er det ikkje noko å uroe seg for, seier Overvoll.

Han opplyser vidare at heimreisa til Sissel har vore planlagt lenge og ikkje skuldast at kollegaen er blitt smitta.

– Sissel har alltid vore tydeleg på at ho tek sine forholdsreglar, og dei har eit stort fokus på dette der nede, det er trist at det no har skjedd ein glipp, seier Overvoll.

No ser dei fram til å få dottera heim.

– Det er klart vi gler oss veldig til å sjå ho igjen, og det skal bli godt å få ho trygt heim, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL