Hopp til innhold

Leon får ikkje starte på skulen

Leon er den einaste femåringen på Kvamsøya. Pappa har kjempa for at sonen skal få starte på skulen eitt år før tida saman med venane sine. Fylkesmannen seier blankt nei.

Leon Skarmyr

Leon Tobias Skarmyr er berre fem år, men pappa har kjempa for at han skal få starte på skulen eitt år før tida.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Denne veka var det første skuledag for rundt 60.000 førsteklassingar. Kim Skarmyr hadde sett for seg at han skulle følge sonen Leon Tobias Hanssen Skarmyr til skulen med ny ransel og pennal, medan flagget var heist til topp på skulen. Slik vart det ikkje. Familien er busett på den vesle øya Kvamsøy i Sande kommune. Øya har om lag 250 innbyggjarar og Leon er den einaste 5-åringen i bygda.

– Eg har lyst å begynne på skulen, seier Leon.

På Kvamsøy skule er det berre to førsteklassingar i haust og dei er bestevenene til Tobias. Fordi Leon blir verande att med berre to-åringar og ein tre-åring i barnehagen, har pappa kjempa ein lang kamp for å framskunde skulestarten.

Leon Tobias Skarmyr

Leon har lært å skrive bokstavane i barnehagen og kunne gjerne tenkt seg å starte på skulen saman med venene sine.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Moden for alderen

Leon ligg på golvet på rommet sitt og skriv bokstavar med fargeblyantar. Det siste året i barnehagen har han lært seg alle bokstavane. Namnet sitt skriv han lett som ingenting.

Pappa Kim Skarmyr fortel at Leon har fulgt førskuleopplegget i barnehagen saman med dei som skulle byrje på skulen.

– Leon har ingenting å strekkje seg etter når dei andre i barnehagen er så små. Der er ingen han naturleg leikar med. Det plager meg veldig at han vert åleine på sin alder dette året i barnehagen, seier Skarsmyr.

PPT i Sande kommunen har gjort ulike språktestar på Leon, som viser at han har eit godt språk for alderen. I rapporten skriv dei at dersom det var innanfor lova, er det ingenting i vegen for at Leon kunne ha starta på skulen eitt år før tida. Også vurderingar frå barnehagen viser at guten er sterk både språkleg og sosialt. Likevel får Leon ikkje starte på skulen.

Om denne saka hadde vore innanfor lovverket, så ser vi at det ikkje har vore noko i vegen for at Leon Tobias kunne ha starta eit år før.

Fødd ein månad for seint

Alv Walgermo

Utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Alv Walgermo, seier at lova er heilt klar og at den ikkje opnar for skjønn.

Foto: Aina Rødal / NRK

Sande kommune har avslått søknaden om framskunda skulestart, fordi Leon er fødd ein månad for seint på året. Han vart fem år 1. mai.

– Eg vil ikkje kommentere enkeltsaker. Etter Fylkesmannen si lovgivning er det ikkje opning for skjønn i ei slik sak, seier Øystein Johansen. Han er kommunalleiar for skule, barnehage og kultur.

Opplærlingslova seier at dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før, dersom barnet fyller fem år innan 1. april.

Utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Alv Walgermo, seier at lova er heilt klar på at ingen barn som er yngre enn fem år og fire månader får starte på skulen. Ein kan ikkje bruke skjønn fordi grensa er absolutt.

– Det er klart at det skjer mykje i barnets utvikling det siste barnehageåret. Her har PPT vurdert at guten er skulemoden, men vi har ikkje gått inn i dei vurderingane. Lova er klar, seier Walgermo.

Kim Skarmyr og Leon Tobias

Kim Skarmyr er åleinefar til Leon. Mora til Leon døydde for tre år sidan.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mamma døydde

– Gi meg fart, seier Leon på huskestativet utanfor huset. I dag er det idyll som råder på øya, med sommertemperatur og blikkstille hav. Fjøra ligg berre 50 meter frå huset og bortsett frå barnelatter er den einaste lyden putringa frå ein liten båt på fjorden. For Leon er ikkje sommaren heilt over. Pappa studerer barnevernspedagog og forelesningane har ikkje starta på att. Leon får difor vere heime frå barnehagen i dag.

– Kampen har vore veldig fortvilande. Argumenta våre blir ikkje høyrt. Det heiter jo at barnets beste skal telle, men her er det berre fødselsdatoen som tel, seier Skarmyr.

Kim Skarmyr er åleinepappa til Leon og to søsken. Leon miste mora si, Michelle, for tre år sidan. Familien budde i Arendal, men Michelle ynskte at dei skulle flytte til Kims heimstad Kvamsøya. Ho vissste at ho var hjartesjuk, men ikkje at det var så alvorleg.

– Michelle hadde nok tenkt at vi skulle leve eit idyllisk liv på ei øy, slik ho hadde sett i ein film, smiler Skarmyr. Då Leon var to år stansa hjartet hennar og Kim var sitjande att åleine.

Behov for tryggleik

Kim Skarmyr og Leon Tobias

Kim Skarmyr vurderer no å flytte frå øya, slik at sonen Leon kan gå i barnehage med fleire jamnaldringar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Åleinefaren meiner at alt Leon har opplevd i det korte livet sitt, må takast omsyn til. Femåringen vart fødd med seks fingar på kvar hand og fingrane hadde grodd saman. Til saman har 5-åringen vore gjennom 23 operasjonar. Han viser fram fingrane sine og peikar på to av dei som før hang saman før. I dag må folk sjå nøye etter dersom dei skal få auge på at fingrane er annleis.

Både det å miste mamma og gå gjennom ei rekkje operasjonar, gjer at Leon har ekstra behov for tryggleik.

– Han har tryggleiken i venene sine, og eg meiner at han bør få gå på skule saman med dei, seier Skarmyr. Familiefaren skryt av hjelpa han har fått av kommunen etter dødsfallet og skulle ynskt at dei viste større fleksibilitet når det gjeld å framskunde skulestarten.

Men forstår du ikkje at politikarane må setje ei aldergrense for kor tidleg barn kan starte på skulen?

– Det forstår eg, men eg mener at ingen regel bør vere absolutt. Det skulle ha vore rom for skjønn, seier Skarmyr. Han veit at det har blitt gjort unntak enkelte gongar andre stader i landet.

Barnekonvensjonen

Gro Brandal

Gro Brandal er rettshjelpar og meiner at styresmaktene må ta omsyn til barnets beste i saka.

Foto: privat

I løpet av året har Skarmyr sendt klagebrev både til Fylkesmannen, Kunnskapsdepartement og Sivilombodsmannen utan å nå fram. Han har også leid inn juridisk hjelp.

Rettshjelpar Gro Brandal, som både er utdanna jurist og pedagog prøver å hjelpe familien. Ho meiner at her må ein ikkje berre sjå på opplæringslova, men også kva som er barnets beste i Barnekonvensjonen. Det at Leon har hatt ein tøff start på livet med mange operasjonar og mor som er død, bør vere takast med i vurderinga, meiner ho.

– Det eg tenkjer er at guten har hatt nok belastningar i livet. Vi skal gjere det vi kan for at han får gå på skulen saman med kompisane sine, seier Brandal.

Ho meiner at kommunen har har fridom til å la guten byrje på skulen sjølv om lova seier noko anna. Det er ingen som kan sanksjonere mot dei.

– Kommunar bryt ofte lova med å til dømes ikkje tilby symjeopplæring eller ha nok pedagogar i barnehagen. Det går an å vege ting opp mot kvarandre, seier juristen.

Må flytte

Kim Skarmyr har gitt opp å kjempe for å få Leon på skulen. No må familien tenke annleis. Å flytte frå øya er tanken som er mest nærliggande. Dersom familien flyttar til ein større plass, blir ikkje Leon åleine 1. klassing neste år.

– Då får også Leon leike med jamnaldringar i barnehagen. Det er synd for Kvamsøya, for då blir det berre endå færre barn her, seier Skarmyr.