Hopp til innhold

– Ser ikkje teikn til betring

Farstad Shipping legger fem fartøy i opplag. Dermed blir om lag 100 tilsette, dei fleste norske, permitterte.

Offshorefarty bestilt av Farstad Shipping

Om lag 100 tilsette, dei fleste norske, blir permitterte i Farstad Shipping.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine

Konsernsjef Karl-Johan Bakken seier det er eit tøft tiltak, men heilt nødvendig slik marknaden er no.

– Vi er nøydd til å legge desse skipa i opplag for å spare kostnadar. Nordsjømarknaden som desse skipa går i er svakt for tida. I tillegg går vi inn i ein haust- og vinterperiode som ikkje viser teikn til betring, seier Bakken til NRK.no.

– Ein konsekvens av dette er at vi må permitterer mange av våre tilsette, held han fram.

Frå før har Farstad Shipping to skip i opplag her i Norge og to skip i opplag i Asia.

Ikkje teikn til betring

Konsernsjefen har ikkje tru på at marknaden vil betre seg med det første.

Karl Johan Bakken

Karl-Johan Bakken, konsernsjef i Farstad Shipping, ser ikkje teikn til betring med det fyrste.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Det er klart det er ei spenning knytt til kor lenge dette vil vare. Slik som det ser ut no trur eg det vil gå ei stund før ein kan håpe på betring, seier Bakken.

Han seier det er fleire årsaker til det.

– For det første så har vi hatt ein kraftig reduksjon i aktivitetsnivået frå oljeselskapa, og i forkant av det hadde ein allereie for mange fartøy i forhold til den aktiviteten som vart etterspurt, og desse to faktorane har til saman ført til at marknaden i dag er veldig svak, seier Bakken.

Fullt fokus framover

Men selskapet er ikkje aleine. Fleire skip lir den same skjebnen. Fall i oljeprisen, låg økonomisk vekst og redusert olje- og gassaktivitet har slått hardt inn over fleire maritime bedrifter.

Per i dag ligg totalt 63 skip i opplag. Rederiforbundet fryktar at talet kan bli meir enn hundre i løpet av dei neste månadane.

Samtidig har Farstad Shipping full fokus på å sikre kontraktar og arbeid for skip og mannskap framover.

– Det er vanskeleg å beskrive stemninga i selskapet akkurat no, men det som er så positivt er det engasjement som finst på tvers av organisasjonen. Sjølv om vi no må permittere tilsette så er det ei stor kampvilje innanfor selskapet for å redusere kostnadane knytt til drifta, og sørge for at vi er så konkurransedyktige som vi kan vere, seier Bakken.

Konsernsjefen vel likevel å vere positiv med tanke på framtida.

– Sjølv om det ser mørkt ut no, veit vi at det blir betre tider. Vi har vore gjennom stormar før. Mitt hovudmål er å kome styrkt gjennom nedgangsperioden, og igjen sikre full sysselsetting for våre dyktige mannskap og avanserte skip, seier Bakken.

Stigande arbeidsløyse

Nye tal frå NAV syner at det no er 3589 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarer til 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 24,7 prosent frå same månad i fjor.

NAV skriv i ei pressemelding at utviklinga har vore betre enn dei frykta, men at det nok vil bli fleire utan arbeid det komande halvåret.