Hopp til innhold

Langevågsruta er innstillt

Langevågsruta er innstilt på grunn av tekniske problem, det melder Norled. Buss og taxi blir sett inn på strekninga.

Tyrving ved kai i Langevåg 301115

Tyrving ved kai i Langevåg.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE: Like før klokka 20.00 melder Norled at det no er sett inn ein reservebåt på Langevågruta. Det vil i tillegg bli sett opp buss på avgangen kl. 07.30 og 07.50 frå Langevåg for supplering.

Hurtigbåten mellom Langevåg og Ålesund blei måndag ettermiddag innstilt inntil vidare etter at båten som gjekk på sambandet fekk tekniske problem. Båten ligg no til kai i Langevåg.

– Det blir sett inn maxitaxi frå Langevågen, og buss frå Ålesund, men akkurat når det på plass er enno ikkje heilt sikkert. Forhåpentlegvis så snart som råd, sa Eldar Giske om bord i hurtigbåten Tyrving til NRK.no, klokka 17.30 måndag.

Dei tekniske problema på hurtigbåten er truleg så store at det ikkje let seg ordne i løpet av måndagen.

– Det var koplinga på eine motoren som rauk, og det vil truleg ta litt tid å fikse det, seier Giske som også kan fortelje at heile situasjonen var udramatisk.

Fjordbuen kan bli sett inn

MS/ Fjordbuen, som i utgangspunktet er hurtigbåten som går på strekninga, blir truleg sett inn som reservebåt på strekninga.

– Det er usikkert om vi rekk og setje inn hurtigbåten på strekninga før siste avgang i kveld, men vi vil prøve å få den på plass så fort vi kan, seier Helge Ingebrigtsen om bord i Fjordbuen.

Det er truleg denne båten som vil gå på strekninga tysdag.

For dårleg informasjon?

Bjørn Egil Søndenå

Bjørn Egil Søndenå, regionssjef hurtigbåt i Norled.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Nokre av dei reisande på ruta melde om for lite informasjon til dei reisande i Ålesund då hurtigbåten vart innstilt måndag ettermiddag.

Bjørn Egil Søndenå, regionssjef hurtigbåt i Norled, meiner informasjonen i utgangspunktet skal vere god nok.

– Vi beklagar sjølvsagt at ruta vart innstilt, og eg veit ikkje kor lang tid det gjekk frå dei tekniske problema oppstod til dei vart meldt, men vi prøver alltid å få ut informasjonen på nettsidene våre umiddelbart, seier han.

– I tillegg skal alle som får driftsmeldingar på epost og SMS ha fått desse, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL