Reiselivsnæringa pressar hardt på for at bussar opp til 15 meter skal kunne køyre Trollstigen slik som i Geiranger.
Millionsvingar
Å rette ut svingar kjem til å koste rundt 14 millionar kroner og dei pengane er så langt ikkje i noko budsjett.
- Svingane i Geiranger kan ta bussar opp til 15 meter. Grensa i Trollstigen er 12,40. Eg forstår at dette er eit stort problem for reiselivsnæringa, seier seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen.
Står på - men blir dyrt
Når dei same bussane som køyrer Geiranger ikkje kan køyre Trollstigen, så det komplisert for reiselivet. Dei står difor hardt på for å få gjort noko med vegen frå Valldal til Åndalsnes.
Det er gjort
. Dette er ei lengd som blir stadig meir vanleg. Men utretting av svingane må til, og det vil altså koste rundt 14 millionar kroner.– Dersom det skulle kome pengar på budsjettet for 2011, så må vi bruke hausten til å få gjort tiltaka med tidleg stenging. Det er ikkje berre å starte å sprenge opp i der. Då må det vere stengt, og vi må ha intensiv drift. Så det blir ikkje resultat før i 2012, om vi skulle få pengar. Men det er det opp til politikarane å avgjere, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.