Hopp til innhold

Leitar etter sakna kvinne i Ålesund

Politi og mannskap frå Røde Kors leitar etter ei 21 år gamal sakna kvinne rundt byfjellet Aksla i Ålesund. Dei held fram leitinga i natt.

Det er stor leiteaksjon på Aksla etter ei kvinne i 20-åra i Ålesund

Både politi, Røde Kors, Norske redningshundar og frivillige deltek i leiteaksjonen.

SISTE fredag morgen kl. 05.51: Helikopter med varmesøkande kamera har natt til fredag leita etter ei 21 år gammal kvinne i området byfjellet Aksla i Ålesund.

Sidan torsdag har også Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske Redningshundar deltatt i søket. Fredag morgon blir leiteaksjonen etter studenten frå Bergen trappa opp, mellom anna med nærast hundre soldatar frå frå Heimevernet.

Sakna

Sidan kring klokka 15.00 torsdag ettermiddag har store leitemannskap søkt etter kvinna i turområdet i Ålesund. Kring 75 personar leita etter henne same kvelden, og har heldt fram gjennom heile natt til fredag.

Kvinna vart meldt sakna midt på dag torsdag, og politiet starta leitinga i 12-tida. Då bilen hennar vart funnen i nærleiken av turstiane ved Aksla i ettermiddag, vart søket trappa opp.

Leiteaksjon Aksla

Politi og leitemannskap skal søke på alle turstiar og i fjellet før det vert mørkt.

Foto: Stig-Espen Soleng / NRK

Leitar i natt

Torsdag kveld opplyste operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Magne Tjønnøy at dei ville halde fram med søket utover natta.

Like før midnatt kom også politihelikopter frå Oslo for å hjelpe til. Politihelikopteret har eit varmesøkjande kamera av svært høg kvalitet. I tillegg lager dette helikopteret mindre støy enn ambulansehelikopteret, nattetid er det ein fordel for dei som bor i området, skriv Sunnmørsposten.

Det er opphaldsver og gode leitetilhøve. Sjølv om området ikkje er stort, er det ulendt og bratt. Det gjenstår framleis ein del område mellom stiane på fjellet som ikkje er gjennomsøkt.

– Vi veit ikkje kva som kan ha skjedd med kvinna, seier Tjønnøy.

Fredag morgon skriv NTB at politiet ikkje mistenker noko kriminelt, og at dei trur det kan ha skjedd ei ulykke då kvinna var på joggetur.

Søker i vatnet

Torsdag kveld vart det også sett inn redningsdykkarar frå brannvesenet, som søkte gjennom dei gamle drikkevasskjeldene på byfjellet.

Tjønnøy understrekar at det er ikkje fordi dei ventar å finne kvinna der, men fordi dei må sjekke alle stader. Det er også sett inn helikopter i leitinga. Hovedredningssentralen hjelper til med ressursar.

Artikkelen held fram under bildet

Søk ved Aksla, Ålesund

Redningsdykkarar frå brannvesenet leitar etter kvinna ved Aksla i Ålesund.

Foto: Stig-Espen Soleng, NRK

Søke gjennom turstiane

I tillegg til politiet er Røde Kors, Norske redningshundar, politihund og luftambulanse på staden for å søke etter kvinna. Sivilforsvaret og Redningsskøyta er også med i leiteaksjonen. Mange frivillige har dessutan møtt opp.

– Målet er å søke gjennom heile fjellet og alle turstiane. Vi må vere sikre på at kvinna ikkje ligg skadd i terrenget, seier Tjønnøy. Aksla er eit mykje brukt turområde i Ålesund.

Delar av fjellet er svært bratt og difor brukar ein Redningsskøyta for å leite etter den sakna i fjellet frå sjøsida.

Får hjelp frå heile Sunnmøre

Røde Kors frå mange lokallag på heile Sunnmøre mobiliserte torsdag kveld.

– Vi prøver å jobbe så raskt vi kan, og håper å ha grovsøkt området innan klokka 22, sa aksjonsleiar Trond Inge Larsgård for Møre og Romsdal Røde Kors.

Politiet undersøker no bilen til kvinna etter spor, for å finne ut om ho kan vere ein annan stad enn på Aksla.

Kan ha sett kvinna

– Inntil vi får andre tips vil vi halde fram leitinga på Aksla, seier Tjønnøy.

Kvinna er slank, ca 170 cm høg og har mørkt blondt hår. Den siste sikre observasjonen som vart gjort av kvinna, var i går kveld.

Aksla

Bilen til kvinna vart funne i turområdet rundt byfjellet Aksla.