Hopp til innhold

Kuvending kan sikre seglskutefest

Mykje tyder på at det likevel blir ny seglskutefest i Ålesund. Politikarane har tidlegare sagt nei, no seier dei ja.

Cuytty Sark Tall Ships Races i Ålesund 2001.
Foto: NRK

Politikarane i Ålesund har gjort heilomvending, og seier no ja til ny seglskutefest i Ålesund. Med ti mot tre røyster gav formannskapet måndag ettermiddag grønt lys for arrangementet i 2015.

Les også:

– No kan det bli fest i Ålesund, berre vi held tunga beint i munnen, seier varaordførar Geir Stenset.

Video Tall Ships-motstand

Tall Ships-motstand

Motstand

Politikarane har tidlegare sagt nei til ny seglskutefest i Ålesund på grunn av kostnadene. I november sa åtte av tolv formannskapsmedlemer nei. No seier dei ja, etter å ha fått førehandsstøtte frå sponsorar på nesten 12 millionar kroner.

– Ålesund sin kontantandel er halvannan million kroner, og vi tek det frå kommunen sitt kulturfond dei neste tre åra, seier Stenset.

Folkefest i 2001

I 2001 samla Cutty Sark fleire hundre tusen menneske i Ålesund sentrum. Håpet er at Tall Ships Race i 2015 skal gjere det same. Bystyret avgjer saka 10. mai.

– Det store sjøslaget vil stå torsdag 10. mai i bystyret. Fleire representantar har tatt atterhald, og vil diskutere saka i partigruppa si, seier Stenset.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL