Hopp til innhold

«Sjeldan» snø i Rindal - kryssar fingrane for Molde og ski-NM

Stormen Ivar og skiftande vêr har ført til dårlege skispor og lite snø i Møre og Romsdal. Rindal er éin av få stadar med vinterføre, og i går blei Rindalsrennet arrangert – tre veker før ski-NM i Molde.

Rindalsrennet

Rindalsrennet 2013 blei ein suksess. Nok snø er sjølvsagt éin av suksessfaktorane for det tradisjonsrike rennet på Nordmøre.

Foto: Tor Jarle Bolme / Rindal IL

– Forholda var svært gode. Det var rundt null grader, opphaldsvêr og fine, faste skispor, seier Tor Jarle Bolme.

Berit Mogstad

Berit Mogstad frå Surnadal vann dameklassen i Rindalsrennet 2013.

Foto: Tor Jarle Bolme / Rinda IL
Lars Ove Aunli

Lars Ove Aunli vann herreklassen i Rindalsrennet 2013.

Foto: Tor Jarle Bolme / Rindal IL

Han er informasjonsansvarleg i Rindal IL og for Rindalsrennet, og var godt fornøgd etter enda arrangement søndag – der 328 utøvarar deltok.

– Det var ein liten periode det såg skummelt ut for rennet, og det var då «Ivar» stod på som verst. Hadde det heldt fram med kraftig mildvêr i dagane etterpå kunne det tæra på mykje av snøen, meiner Bolme.

Etter ekstremvêret Ivar måtte Rindal IL ut i løypene for å fjerne greiner, skog og andre ting. Rennet var derimot aldri truga.

Sidan 1960 har Rindalsrennet berre blitt avlyst tre gonger på grunn av snømangel – sist i 2006. Dei andre gongen var i 2000 og i 1970.

– Det tyder naturlegvis på gode skiforhold her, men det er få år det berre er å køyre ut med trakkemaskinene. Det ligg mykje dugnadsarbeid bak, seier Bolme til NRK:

Ikkje like lyst lenger sør

Nypreppa og gode løyper litt unna kysten av Nordmøre, verre for Molde og Skaret litt lenger sør i Romsdal.

– Eg prata med fleire av utøvarane som kom frå Molde, og dei fortalde at det var berre så vidt at dei hadde ei løype å trene i, fortel Bolme.

I år, 2013, blei prøve-NM i Molde avlyst. Før ski-NM – som går av stabelene 15. januar – let snøen vente på seg.

– Eg kan ikkje spå vêret betre enn nokon annan, men det er rart om vi ikkje får snøvêr eller meir kulde i romjula og rundt nyttår, seier Bolme.

Han forstår derimot at Skiforbundet og NM-arrangøren nok kan vere litt stressa.

– Eg forstår godt at dei kan bli litt uroa, men eg trur det kjem nok snø til slutt.

Audun Nerland

Løypesjef Audun Nerland og snøkanonane er klare til å både ta imot og å lage snø på Skaret i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik

Er optimistiske

Håpet er at snøen skal kome av seg sjølv, men store snøkanonar står klare på Skaret i Molde. Tre minus er det som trengst.

– Får vi tre minus eller kaldare blir kanonane starta, sa Audun Nerland, løypesjef for ski-NM, like før helga.

– Optimist er eg, ja. Det ser litt betre ut med vêret framover, då det er meldt om kaldare vêr, sa han òg.

Håpet er at skispora skal bli like gode som i Rindal søndag.

– På planen i mange år

Der blei Berit Mogstad sigrande i dameklassen, medan Lars Ove Aunli vann i herreklassen. Rennet blei ein suksess og no gler Bolme seg over at skispora er gode i romjula.

– Ja, vi må seie oss godt fornøgde med å vere éin av dei få plassane i fylket med skiføre. Spesielt når det går mot romjul. Då er det fint å få trene når ein har fri.

– Og så blir det nytt Rindalsrenn neste år, forhåpentlegvis ikkje den fjerde avlysinga sidan 1960?

– Det kjem neste år og skal stå på planen i mange år enno. Så lenge folk har ork blir det renn – og orka er der framleis, avsluttar Tor Jarle Bolme – som ikkje hadde bilde av seg sjølv i eige fotoarkiv.

Rindalsrennet

Rindalsrennet har berre blitt avlyst tre gonger sidan 1960.

Foto: Tor Jarle Bolme / Rindal IL