Snøen fall lett då Kronprins Haakon kom til Stranda skisenter torsdag formiddag. Og han var ikkje sein om å få på seg skiutstyret for å setje utfor.
– Eg gler meg til å teste bakken her, sa Kronprins Haakon. Men han understreka at han var på Stranda først og fremst for å delta på yrkesmessa seinare på dagen.
Det var slett ikkje tilfeldig at Kronprinsen valde akkurat Stranda skisenter. I 2012 blei senteret kåra til Noregs beste skisenter av friluftsmagasinet «Fri flyt».
Det var Telemark Kronprisen køyrde då han testa forholda torsdag formiddag.
– Det er flotte forhold her, sa Kronprins Haakon. Han kunne også fortelje at han har vore mykje på tur i området tidlegare, men ikkje så mykje om vinteren.
Mange av elevane frå Stranda vidaregåande skule hadde teke vegen til fjells for å vere der saman med Kronprinsen.
– Dette er kult. Vi får håpe vi ikkje køyrer på han. Det skal sikkert gå bra, seier Ingrid Høydalsvik og Melinda Guadiamos.
Torsdag ettermiddag skal Kronprins Haakon til Orkla sitt anlegg på Svemorka. Der skal han få ei orientering om produksjonen av frosenpizza. Og ifølgje programmet vankar det også smaksprøver på den kjende Grandiosa-pizzaen.
Deretter startar programmet på den lokale yrkesmessa. Kronprinsen skal halde tale på Kulturhuset i Stranda i samband med messa.