Hopp til innhold

Kristiansundspasientar nektar å reise til Molde

Helsepersonell i Kristiansund seier mange pasientar på Nordmøre no nektar å reise til sjukehuset i Molde for å få behandling. Årsaka er sjukehussstriden.

Molde sjukehus

Fleire legekontor seier pasientar på Nordmøre vegrar seg for å reise hit til Molde for behandling.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Vi har hatt fleire pasientar innom som seier dei ikkje ønskjer å bli tilvist til Molde, på grunn av sjukehussaka, seier legesekretær Anita Brandtzæg ved Sentrum legesenter i Kristiansund.

Tone Havneraas

Tone Havneraas er kontorleiar og legesekretær ved Vågen legesenter.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

NRK har vore i kontakt med fleire legesenter i Kristiansund, som seier dei opplever det same.

Ved Vågen legesenter har dei same inntrykk, seier kontorleiar Tone Havneraas.

– Tidlegare var det jo slik at pasientar fekk ei tilvising og møtte opp til den timen dei fekk tildelt. Men det er nok slik no at det er ein del som er veldig medvitne om kva for sjukehus dei ønskjer og kva dei ikkje ønskjer, seier ho.

Informerer om fritt sjukehusval

Havneraas seier pasientane sjølve tar opp temaet og seier dei ikkje ønskjer å reise til Molde.

– Då informerer vi om kva rettar dei har innanfor ordninga med fritt sjukehusval.

Kjell Christensen

Kjell Christensen er pasient ved sentrum legekontor i Kristiansund.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Pasient Kjell Christensen seier han forstår at folk vegrar seg.

– Det er så rote spel som har gått føre seg, og det er opprørsstemning blant folk, seier han.

– Har ikkje grunnlag for å kalle det ein trend

Roland Mauseth

Roland Mauseth i Helse Møre og Romsdal seier dei ikkje har grunnlag for å seie at dette gjeld mange.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Vi kjenner til at det er nokre enkelttilfelle av pasientar som har blitt tilviste til Molde sjukehus og som har bede om å bli vist vidare til andre sjukehus, seier kommunikasjonsrådgjevar Roland Mauseth i Helse Møre og Romsdal.

Han legg samtidig vekt på at det framleis er svært mange pasientar frå Nordmøre som blir behandla i Molde og også mange pasientar frå Romsdal som blir behandla i Kristiansund.

– Så vi har ikkje noko grunnlag for å seie at dette er ein trend. Vi veit ikkje om noko meir enn at det har vore nokre enkelttilfelle, seier Mauseth.