Hopp til innhold

Kristian (14) vil at skredet skal gå slik at han får reise heim

Evakuerte frå området ved fjellet Mannen i Rauma håper skredet kan gå i løpet av kort tid, slik at dei kan kome tilbake til eit normalt liv.

Evakuerte frå området ved fjellet Mannen i Rauma håper skredet kan gå i løpet av kort tid, slik at dei kan kome tilbake til eit normalt liv. Ekspertane trur fjellpartiet kan losne i neste veke.

TV-sak: Kristian Runde (14) har veldig lyst til å flytte heim til huset sitt som ligg under fjellpartiet som kan rase. Men det får han ikkje lov til.

I Rauma ventar alle på det varsla skredet, der 12 000 lastebillass med stein kan losne frå fjellet «Mannen». Onsdag vart to gardar og fleire hytter evakuerte.

Ekspertane trur fjellpartiet kan losne i neste veke. Dei siste målingane av fjellpartiet viser at det framleis er den same hastigheita i rørslene. Fjellmassane beveger seg rundt 7 mm i døgnet, og det har dei gjort dei siste tre vekene.

Kristian Runde er ein av dei elleve evakuerte. Han syns det er godt å tenkje på noko anna. Fredag deltok han i eit danseshow på Åndalsnes ungdomsskule.

Vil heim

Rasfare fra Mannen

Denne grafiske modellen av fjellet «Mannen» viser kor stor del av fjellet som kjem til å rase ut i første omgang.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

Han har veldig lyst heim, men det får han ikkje lov til. Derfor håper han at skredet går innan kort tid.

– Det er veldig kjedeleg. Vi får ikkje vere heime i fred og ro, og det er litt slitsamt i lengda, seier 14-åringen som for tida bur hos tanta si.

Han er og redd for at skredet skal ta huset deira og alt dei eig.

– Då mister vi alt vi har, og det er ikkje kjekt. Vi får nok eit nytt hus, men likevel.

Endring over helga

Lars Harald Blikra sjefgeolog i Åknes Tafjord Beredskap

Geolog Lars Harald Blikra meiner at vêret vil avgjere når skredet kjem.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fjellet «Mannen» står framleis støtt i Rauma, men alle lurer når skredet vil gå. Viss det blir mildvêr og meir nedbør er faren for skred auka, men viss det no blir kaldt kan fjellet stabilisere seg. Det vil uansett skje ei endring, meiner sjefgeolog Lars Harald Blikra.

– Det er avhengig av vêret. Enten vil regn føre til skred, eller så vil lave temperaturar og frost stabilisere fjellet, seier han.

Innbyggjarane i området vil høyre når skredet går. Ifølgje geologen kjem det til å knake og sjølve lydane frå fjellet kjem til å avsløre skredet.

Ustabilt nett

Fjellet er nøye overvaka og det er aller første gong i Noreg at ein har følgt eit komande skred på denne måten. Det vert gjort målingar over om lag to kilometers breidde.

Geologane brukar radar, som sender data til overvakingssenteret på Stranda. Problemet er at det er så mykje journalistar i området som brukar mobilnettet.

Bjørn Amundsen

Bjørn Amundsen er dekningssjef i Telenor. Dei trur ikkje telesambandet blir råka av raset, men er føre var.

Foto: Erik Hattrem

For å vere sikre på å få all dataen, arbeider dei med å få eit eige kommunikasjonslink.

4G til Rauma

Telenor har og budd seg på skredet, og har bestemt seg for å etablere 4G i Romsdalen for å sikre dekning.

– Det er ikkje stor fare for at fiberen til Telenor vert råka, men vi planlegg likevel som om det kan skje, seier dekningssjef Bjørn Amundsen i Telenor.

Mannen i Romsdal

OBS. NRK har nokre små tekniske problem. Nettet i ved Mannen er ustabilt, så det kan hende du får problem med å sjå videoen ein liten periode.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL