Hopp til innhold

Krisa i oljebransjen rammar Midsund Bruk

Minst 30 av dei tilsette ved Midsund Bruk mistar jobben. Årsaka er den sviktande olje- og gassmarknaden.

Lærlinger Midsund Bruk

Midsund Bruk har både unge og eldre arbeidstakere som kan bli berørt av nedbemanning.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Ordretilgangen sviktar og for Midsund Bruk betyr at rundt 30 av arbeidarane mistar jobben frå 1. mai.

– Midsund Bruk er ein leverandør til olje- og gassektoren, og som følgje av den sviktande marknaden merkar også nedgangen i investeringar innan olje og gass. Det gjeld både på norsk sokkel og globalt, seier Ingebjørg Klausen, administrerande direktør i Midsund Bruk.

Trykktanker blir produsert på Midsund Bruk

Trykktanker blir produsert på Midsund Bruk

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Svikt i nye oppdrag

Midsundbedrifta har spesialisert seg på produksjon av trykktankar og har godt med arbeid fram mot sommaren, men det er svikt i nye oppdrag.

Ingebjørg Klausen

Ingebjørg Klausen, administrerande direktør i Midsund Bruk.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Som følgje av utviklinga i den oljerelaterte næringa ser vi at vi er nøydd til å ta grep for å tilpasse oss ein framtidig marknad og samtidig kunne tilby konkurransedyktige løysingar, seier Klausen.

Bedrifta har nærare 80 tilsette i dag. Kven av dei tilsette som må gå vert klart i løpet av neste veke.

– Vi ser no behov for å redusere bemanninga og vil difor ende opp med ei bemanning på rundt 50 tilsette, seier Klausen.

Sten Klausen

- Ein tung dag for alle, seier tillitsvald Sten Klausen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi hadde forventa at dette skulle skje, men det er sjølsagt ein tung dag, seier tillitsvald Sten Klausen. Tidspunktet og kor mange som skulle ut, det kom overraskande på oss.

Klausen fryktar at det kan bli vanskeleg for mange å skaffe seg nytt arbeide, fordi det er mange bedrifter i nærområdet som er i same vanskelege situasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL