Hopp til innhold

Sjokkert fylkesparti etter Sandberg-utspelet

– Utspelet frå nestleiar Per Sandberg i Framstegspartiet saknar sidestykke i moderne norsk politikk. Det er det grovaste overtrampet eg har høyrt på svært lang tid, seier Arild Iversen, leiar i Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal.

Arild Iversen

Fylkesleiar Arild Iversen er ein av mange i KrF som er sjokkert over haldningane nestleiar i Framstegspartiet Per Sandberg, har sett fram.

Foto: Trond Vestre / NRK

KrF i Møre og Romsdal er nærmast i sjokk etter utsegna frå nestleiaren i Frp, Per Sandberg, i går. Men om dette bør føre til at KrF trekkjer seg frå samarbeidsavtalen med regjeringspartia Høgre og Frp, overlèt fylkesleiinga til partiet sentralt å avgjere.

– At gårsdagen var ein prøvelsens dag for samarbeidet, er likevel opplagt, seier Arild Iversen.

Det var i Nyhetsmorgen i NRK i går morgon at Sandberg mellom anna sa at KrF har eit stort ansvar for at nordmenn vervar seg til terrororganisasjonar. Dette har skapt politisk rabalder, og toppa seg då partileiar Knut Arild Hareide i KrF møtte Per Sandberg i ein oppheita debatt i Dagsnytt18 går.

Sandberg: KrF har stort ansvar for at tusenvis av unge lever i frykt for tvangsekteskap og kjønnslemlestelse

Høyr salven Per Sandberg kom med mot KrF i Nyhetsmorgen.

– Orsakinga frå Siv ikkje god nok

Fylkespartiet er ikkje nøgd med årsakinga som partileiar Siv Jensen kom med i NRK i dag tidleg.

– Det er ikkje tilstrekkeleg at partileiaren på ein enkelt måte ber om årsaking og prøver å legge dette bak seg. Dette er noko Frp verkeleg må ta innover seg og ta eit oppgjer med sine eigne haldingar, seier Iversen.

Han refererer til at Per Sandberg ofte har blitt omtalt som ein som representerer grasrota i Frp.

– Dersom desse haldningane er det som røyver seg i grasrota i paritet, trur eg det er fleire enn eg som er uroa, seier fylkesleiaren.

Fylkesleiaren minner også om at Frp er eit regjeringsparti og sit med eit stort ansvar.

– Eg stiller meg jo spørsmålet om slike haldningar kan aksepterast hos dei som sti med ansvaret for landet, seier Arild Iversen, Ieiar i Møre og Romsdal KrF.

Sandberg og Hareide i full krangel i Dagsnytt18

Hareide og Sandberg i full krangel i Dagsnytt18.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL