Hopp til innhold

Krev svar om politiberedskap

Når politiet kjem for seint eller uteblir frå ein ulykkesstad, er det ofte brannvesenet som må utføre oppgåvene deira. Jenny Klinge (Sp) vil ha svar på om beredskapen er god nok.

Jenny Klinge

Jenny Klinge vil vite om politiberedskapen er god nok.

Mange stader i landet er det brannvesenet som kjem først fram når alarmen går. Eit av dei mest kjende døma er då politiet kom for seint under trippeldrapa på bussen i Årdal og dei andre nødetatene måtte gripe inn.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er bekymra for at brannvesenet må ta seg av oppgåver som politiet skal gjere.

– Det vi høyrer frå brannvesenet rundt om i landet er at det har vore meir av det. Til og med husbråk og mistanke om promillekøyring, har brannvesenet rykt ut på, seier Klinge, som også er Senterpartiets juridiske talskvinne.

No har ho skrive brev til justisminister Anders Anundsen for å få svar på om dette er en forsvarlig beredskap.

Dirigerer trafikk

Malvin Husøy

Malvin Husøy er underbrannmeister ved Molde brannstasjon.

Foto: Roar Strøm / NRK

Når brannmenn rykker ut vet dei ikke om dei bare skal gjøre sine egne oppgaver eller om dei også må ta seg av politiet sine. Underbrannmesteren i Molde legg ikke skjul på at dette skjer ofte.

– Som regel dirigerer vi trafikk, seier Malvin Husøy ved Molde brannstasjon.

Han fryktar den dagen han kjem opp i meir dramatiske situasjonar og politiet ikkje er til stades. Husøy er sikker på at det kjem til å skje.

Er raskare enn før

Stabsjef i politiet, Ingmar Farstad

Ingmar Farstad i Sunnmøre politidistrikt seier at politiet har blitt raskare til å rykke ut.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Stabssjef ved Sunnmøre politidistrikt, Ingmar Farstad, seier at oppgåver som å dirigere trafikk når det skjer ei ulukke, kan brannvesenet ta fordi dei ofte kjem først til staden. Spesielt ute i distriktet.

– Eg er ikkje betenkt over at dei tar slike oppgåver, men politioppgåver skal utførast av politiet, seier Farstad. Han har vore i kontakt med fleire brannsjefar i dag, som påstår at politiet er raskare på staden enn før.