Regionrådet har sendt eit skarpt brev til Helse Midt-Noreg og ber om at konkrete investeringsmidlar blir sett av på budsjettet for å utbetre sjukehusa begge plassane. Og det hastar aller mest for sjukehuset i Ålesund, meiner regionrådet.
Lite gjort
Brevet er underteikna av styreleiar Anders Riise og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal. Dei viser til at sjukehuset i Ålesund stod ferdig i 1971, og at lite er gjort både med infrastrukturen og sengepostane sidan den gong.
«Både helse- og omsorgsminister Bent Høie og Helse Midt-Norge ved kst. adm. direktør Daniel Haga og styreleiar Ola Strand, har ved fleire høve siste tida understreka den viktige rolla og posisjonen Ålesund sjukehus skal ha i regionen også for framtida», heiter det i brevet.
Undring
Avsendarane viser til at Helseregionen har understreka at Ålesund sjukehus skal vere det største og mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal og nr. 2- sjukehus i Helse Midt-Noreg.
Dei stiller seg difor undrande til at det ikkje er sett av investeringsmidlar til sjukehuset i langtidsplanen/ budsjettperioden for 2016- 2021.
«Skal Ålesund sjukehus kunne hevde seg i framtida som eit godt fagleg og differensiert sjukehus med spesielle funksjonar også i framtida, må sjukehuset oppgraderast straks», meiner regionrådet.
I brevet uttrykker regionrådet også sterk uro for dei arbeidsmiljømessige konsekvensane det kan få dersom ikkje bygningsmassane blir oppgraderte.
Utarming av fagmiljø
Regionrådet meiner St. Olavs Hospital i Trondheim er største konkurrenten for Ålesund sjukehus, og skriv:
«Dersom Ålesund sjukehus ikkje kan konkurrere med omsyn til teknisk utstyr og gode fysiske arbeidstilhøve, veit ein at fagmiljø raskt kan bli utarma. Utan gode fagmiljø, søkjer pasientane andre sjukehus».
Regionsrådet meiner dette på sikt kan føre til ei utvikling for regionen, føretaket, sjukehuset og innbyggarane ein ikkje ønskjer.
Regionføretaket må vere meir aktivt
Regionrådet skriv at dersom Helse Midt-Noreg meiner alvor med at Ålesund sjukehus framleis skal vere det største og mest differensierte av sjukehusa i fylket, må også styret i regionføretaket ha ei meir aktiv rolle rundt utfordringane sjukehuset har.
Skal Ålesund sjukehus klare å dekke dei faglege behova til innbyggarane på Sunnmøre og resten av fylket i framtida, må det setjast av investeringsmidlar no, meiner regionrådet.