Hopp til innhold

Kraftselskap blei straumlause på julebord

Tafjord Kraft blei straumlause midt under julebordet sitt, og fekk ikkje lyset igjen før det hadde gått to timar. Dermed blei det ufrivillig pause, og full jobbing frå festen, for å hjelpe nær 80 000 mørklagde sunnmørshusstandar.

Kriseberedskap under julebordet

Vedlikehaldsleiar Thor Gunnar Hovlid (t.v.) og administrerande direktør Stig Falling i Tafjord Kraftproduksjon under julebordet. Sjølv etter at straumen kom tilbake i 22.30-tida var det fleire telefonar å ta.

Foto: Kari Løken

Tafjord Kraft var godt i gang med julebordet då straumen brått gjekk under festen i Ulstein laurdag kveld. Dermed måtte fest vere fest og julemat vere julemat.

Kari Løken kommunikasjonssjef

Kommunikasjonssjef Kari Løken i Tafjord Kraft seier om lag ti personar på julebordet måtte avbryte og arbeide for å skaffe straum til heile Sunnmøre.

Foto: Tafjord Kraft

– Det er ein del folk her som er relativt sentrale, som måtte på jobb, på julebordet. Det blei jobba ganske aktivt for å få auka straumproduksjonen i Tafjorden, seier informasjonssjef Kari Løken.

Kraftselskapet Tafjord Kraft er hovudeigarar i Mørenett, som er ansvarleg for straumleveransen som i kveld svikta, og dermed sette dette ein kraftig preg på festen.

– Vi har hatt tilgang på mobilane og internett, så det var ikkje noko problem å arbeide herifrå, seier Løken.

Straumen borte i to timar

Mellom 70 000 og 80 000 miste straumen på Nordvestlandet på grunn av ein feil i hovudnettet. Dei fleste har laurdag klokka 22.30 fått tilbake straumen.

Les også:

Kryssa alt vi hadde å krysse

Frå Sunnmøre Fotballkrets sitt 100-års-jubileum

Mørkret forsvann under 100-års-festen til Sunnmøre Fotballkrins laurdag kveld.

Foto: privat

100-årsjubileet for Sunnmøre Fotballkrets fekk eit ekstra spenningsmoment, då straumen gjekk heilt i starten av festen for dei nesten 170 inviterte på Rica Parken Hotell i Ålesund.

– Vi kryssa alt vi hadde å krysse, eg blei veldig nervøs då eg høyrde at straumen var ute frå Vestnes til Hornindal, seier krinsleiar Leon Aurdal til NRK Møre og Romsdal laurdag kveld.

I staden for å vise dei videopresentasjonane dei hadde planlagt, gjekk dei rett på maten, som var varm, og åt medan dei venta.

– Heldigvis var vi komne dit at vi kunne gå rett til middag, vi fekk stearinlys på borda, og stemninga var bra, seier Aurdal.

Ordna aggregat i siste liten

I Straumgjerde i Sykkylven skulle artisten Hilde Louise Asbjørnsen akkurat til å gå på scena då lyset gjekk. Det kunne blitt krise.

– Eg vil ikkje seie kva eg sa høgt då lyset gjekk men det gjekk ganske raskt frå fortviling til aksjon, seier leiaren i UL Samhald, Jarle Strømmegjerde, som arrangerte konserten.

Men ei etter kort rådslaging fekk dei tak i naudaggregatet frå ein kjenning på Ikornnes, og brukte det til å ordne lyd og lys nok på scena, til at Asbjørnsen kunne starte, berre ein halvtime forseinka.

Konserten var utseld på førehand, salen heilt full, og etter å ha vore mørklagd kom også lyset etter kort tid.

– Og ut i andre låten kom straumen tilbake, seier Strømmegjerde.

Konsert med Hilde Louise Asbjørnsen

Eit naudaggregat sørga for nok scenelys til at artisten Hilde Louise Asbjørnsen kunne gå på scena under konserten i Straumgjerde i Sykkylven laurdag kveld.

Foto: Jan Gunnar Hole