Hopp til innhold

Kraftig auke av lakselus på Sunnmøre

Mangel på avlusingsmiddel er årsaka seier næringa.

Oppdrettsanlegg, oppdrett av laks.

Ifølgje Lusedata er det fem til seks anlegg på Sunnmøre som dreg statistikken i vêret.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

FHL ansatte Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening

Koordinator i Lusedata, Kjetil Rykhus.

Foto: Siv Dolmen / FHL

Antall lakselus i oppdrettsanlegga har auka i Møre og Romsdal dei siste vekene, trass i at det både er kaldare i sjøen og lufta. Det Fiskeri og Havbruksnæringas FHL, sitt eige selskap, Lusedata som offentleggjer tala.

Koordinator i Lusedata, Kjetil Rykhus seier at mangel på avlusingsmiddel er årsaka til auka.

– Det er fleire som ikkje har fått avlusa som planlagd på grunn av leveringsproblem, seier Rykhus.

Dreg statistikken i vêret

Ifølgje Lusedata er det fem til seks anlegg på Sunnmøre som dreg statistikken i vêret. Ved siste teljing var det i snitt i heile fylket 2.6 lus på kvar oppdrettsfisk. Av desse er det i snitt 0.5 kjønnsmodne lus.

Ved optimale forhold for lusa kan eit oppdrettsanlegg med ein million fisk produsere så mykje som 400 millionar nye lus i løpet av ei veke. Ei auke før vinteren er ikkje gunstig, seier Rykhus.

– Det er aldri gunstig med ei auke av lakselus. Vi ønskjer alltid å halde det nede, så dette er ein situasjon vi godt kunne vore forutan.

Fryktar for mykje giftbruk

Kurt Oddekalv

Leiar i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv, fryktar meir giftbruk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Leiar i Miljøvernforbundet, Kurt Oddekalv, fryktar at oppdrettsnæringa må bruke svært mykje gift i vinter for å få bukt med lakselusa før våren.

– Vi må stille spørsmål ved bruk av kjemikaliar som drep alle skaldyr om lev i området rundt. Det er vi veldig kritiske til.

Oddekalv meiner at ein bør drive tette oppdrettsanlegg der lusa ikkje klarte å kome inn.

– Dagens produksjon øydeleggar alt for mykje for dei ville fiskeressursane, seier han.

Seinare i veka skal Næringa møte Mattilsynet. Då skal ein diskutere om ein skal bruke meir gift for å få bukt med lusa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL