Køyrer opp milevis med skiløyper

Mange mil med skispor vert køyrt opp på dugnad i påska. Store nedbørsmengder gjer at trakkemaskinene må ut fleire gongar dagleg.

Terje Hoel ved Skaret skisenter

Terje Hoel ved Skaret skisenter i Molde er ein av dei som arbeider for å halde løypene opne.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Skitur på Skaret

Det er mykje jobb som ligg bak dei fine skiløypene.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Endelause skiløyper ventar oss i påska, men bak desse løypene ligg det mykje arbeid. Ein av dei som arbeider på dugnad, for at andre skal få gå på ski, er Terje Hoel ved Skaret skisenter i Molde. Der har snøen lava ned dei siste dagane.

Alt er kvitt

Det kan vere vanskeleg å køyre løypemaskin når det snøar og bles.

– Det er ofte vanskeleg å sjå kvar eg køyrer, men i dei faste løypene er det sett ned høge stokkar, så vi har nokre rettesnorer, seier Hoel.

Han innrømmer at har bomma på eit par svingar og køyrt utfor.

Folk ventar

Løypemaskina køyrer ofte 2 mil frå Molde og langt innover til nabokommunen Fræna. Arbeidet startar tidleg på dag, og då står folk står og ventar på at løypene skal bli ferdige.

– Eg plar ta lysløypa på stadion først, som er 3 kilometer. Da får dei ivrigaste starte på turen sin, seier Hoel.

Gode tilbakemeldingar

Han er ein ivrig turgåar sjølv og nyttar skiløypene ofte. Det å jobbe frivillig på denne måten, gir han mykje.

– Vi får mange gode tilbakemeldingar når vi er ute. Tommelen opp og helsingar frå folk, spesielt når folk har baska seg fram i djupsnø, og vi endeleg kjem. Då er smila der med det same, seier Hoel.

Trudde vinteren var over

Løypetrakking på Fylling

Even Skaar og Ida Eilertsen Kvamme framfor den nye trakkemaskina til Skodje IL.

Foto: Harald Ødegård

På Fylling i Skodje er det tre idrettslag som deler på arbeidet med å køyre opp rundt fem mil med skiløyper. Dei trudde våren var komen, og hadde nesten parkert trakkemaskinene for sesongen.

– No har det snødd slik at vi kunne ha køyrt maskinene fleire gongar om dagen, seier løypeansvarleg i Skodje idrettslag, Harald Ødegård. Han har vore ute ein gong i dag, og i ettermiddag var det andre som var ute og preparerte løypene.

Ventar storinnrykk

Ødegård ventar at skisporet vert full av påsketuristar i dagane framover.

– Vi trudde det vart ei avslappande påske, men så kom snøen. No er det berre stå på, seier Ødegård.

På nettstaden Skisporet.no, kan du sjå kor tid dei ulike løypene sist vart køyrt opp.

Siste video/lyd

Frivillige bruker timesvis hver uke på å rydde etter andre. Nå ber de om en holdningsendring og at folk rydder mer enn bare under Ruskenaksjonen.
Tore Ulstein om 2016 og 17
Det var heftige rytmer og kanskje også tid for frieri då sunnmørskommunane var samla til møte i dag.
Det handlar om kommunesamanslåing, og mange er urolege for at ting skal skje for fort.