Hopp til innhold

Konfliktar splittar Ap i Rauma

Varaordførar i Rauma, Oddbjørn Wærås (Ap), er glad han skal ut av politikken. Uroa rundt kven Arbeidarpartiet skal samarbeide med har splitta partiet.

Oddbjørn Wærås og Per Vidar Kjølmoen

URO I RAUMA ARBEIDARPARTI: Varaordførar Oddbjørn Wærås (t.v.) rosar samarbeidet med Høgre, medan ordførarkandidat Per Vidar Kjølmoen (t.h.) vil tilbake til Senterpartiet.

Det har storma rundt Rauma Arbeidarparti i vår. Interne konfliktar og indre uro har prega partiet og hovudårsaka er usemje om kva parti dei skal samarbeide med.

Medan dei fleste vil tilbake til å samarbeide med Senterpartiet, peikar andre på ei vellykka periode saman med Høgre.

Høgt konfliktnivå

Historisk er det vanleg at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Rauma samarbeider, men for fire år sidan vart det brot.

Egil Ekhaugen

Fylkessekretær i Arbeidarpartiet, Egil Ekhaugen, vart kontakta på grunn av uroa i Rauma Arbeidarparti.

Foto: Ap

Det gjorde at partiet inngjekk ein avtale med Høgre, slik at Høgre fekk ordføraren og Arbeidarpartiet fekk varaordføraren.

Fire år seinare opplever Ap igjen ei intern uro, der medlemane er splitta i synet på kven dei skal samarbeidet med.

Konfliktnivået har vore så høgt at fylkessekretæren i Arbeidarpartiet, Egil Ekhaugen, vart kontakta for å gi råd.

– Det har vore uro i Rauma Arbeidarparti med tanke på kva veg ein skal gå. Eg vart kontakta fordi partiet ønskte råd og eg råda dei til å be medlemmane sine ta stilling til det.

Fleirtal for samarbeid med Sp

Medlemsmøtet vart halde forrige veke og der var eit stort fleirtal for å samarbeide med Sp og SV. Ein av dei som meinte det var for tidleg var varaordførar i Rauma, Oddbjørn Wærås (Ap).

Han synest det har vore positivt at Arbeidarpartiet har kome ut av skuggen til Senterpartiet og kome i posisjon uavhengig av dei.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad (H) får skryt frå varaordførar Oddbjørn Wærås (Ap).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Arbeidarpartiet har fått til mykje positivt i denne perioden saman med Høgre, og ordførar Lars Olav Hustad (H) har gjort ein god jobb, understrekar Wærås.

– Arbeidarpartiet og Høgre er ideologiske motstandarar, men det er eit godt tegn at vi har klart å få til eit så godt samarbeid.

Skuffa over eige parti

Varaordførar Oddbjørn Wærås føler at Arbeidarpartiet, ved å gjenoppta samarbeidet med Sp, overser at det har vore eit godt samarbeid med Høgre.

– Eg er skuffa over mitt eige parti. Eg har gjort mitt beste i denne perioden og den konflikten vi har hatt no på slutten beklagar eg.

Til hausten trekkjer Wærås seg heilt ut av politikken, hovudsakleg på grunn av familiære årsaker.

– Hovudårsaka til at eg trekkjer meg er for å få meir tid med familien, men konfliktnivået som er i partiet no gjer at eg er glad eg skal ut.

Per Vidar Kjølmoen

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Per Vidar Kjølmoen, stiller som ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Rauma.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Ferdig med saka

Onsdag var pressa invitert til eit møte med ordførarkandidatane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Rauma der dei fortalde kva dei har lagt opp til med tanke på samarbeid i forkant av valet.

Ordførarkandidat, Per Vidar Kjølmoen, som no er fylkesleiar i Arbeidarpartiet, meiner dei med avrøystinga på medlemsmøtet kan setje ein strek for debatten.

– Vi har fått eit eintydig signal frå medlemane og dei ønskjer seg tilbake til det tradisjonelle samarbeidet.

Kjølmoen oppfattar ikkje at konflikten har bremsa for Arbeidarpartiet sitt arbeid fram mot valet og seier at partimedlemane er klare til å sjå framover.

– No reknar eg med at vi er ferdige med denne saka og går inn i valkampen med liv og lyst.