Hopp til innhold

Kommunen får nei til å spare 20 millionar

Kristiansund kommune skulda fylkesmannen for å drive stivbeint skrivebordsjuss etter at eit bruprosjekt blei stoppa. Ei bru som kommunen kunne fått gratis, blir no ein utgiftspost på 20,8 millionar kroner.

Bru Kristiansund

Fylkesmannen seier nei til at Kristiansund kommune kan ta opp eit lån på vegner av ein utbyggar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Meløybrua i Kristiansund er både utsliten og underdimensjonert. Brua har blitt så dårleg at kommune rett og slett er nøydd til å skifte den ut. Problemet er berre at prislappen på ei ny bru blir på heile 20,8 millionar kroner, noko som er dårleg nytt for den Robek-ramma kommunen.

– Det er veldig mykje pengar, og per i dag er kommunen sin økonomi så stram at vi ikkje har pengar til å bygge ei ny bru, seier Birgitte Røsgaard, advokat i Kristiansund kommune.

Vil betale for brua

Men dette problemet kan bli løyst på ein enkel måte.

Vidar Solli

Vidar Solli og Skorpa eigedom vil dekke kostnadane til å bygge ei ny bru til Meløya.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Vidar Solli, dagleg leiar i Skorpa eigedom, har nemleg sagt seg villeg til å dekke beløpet som det vil koste å bygge den nye brua i Kristiansund.

Solli er avhengig av ei ny bru for å kunne sette i gang bygging av 370 bustadtomter på Meløya. Men fordi den gamle brua ikkje toler tungtransport står prosjektet i stampe. Selskapet har difor tilbydd seg å bygge og betale brua for kommunen.

– Bygginga blir gratis for kommunen. Vi dekker heile kostnaden og vi betalar også rentene i ei tiårsperiode og heile lånesummen etter ti år, seier Solli.

Fylkesmannen seier nei

Og der er problemet løyst, tenker du kanskje. Så enkelt er det derimot ikkje. Fordi utbyggaren ikkje eig Meløybrua, får dei heller ikkje lån i banken.

Birgitte Røsgaard, advokat i Kristiansund kommune.

Birgitte Røsgaard, advokat i Kristiansund kommune, kallar avslaget frå fylkesmannen for stivbeint skrivebordsjuss.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dermed må kommunen ta opp lånet og så sende det vidare til utbyggar.

Men fordi Kristiansund kommune står på Robek-lista skal alle lån godkjennast av fylkesmannen. Og fylkesmannen i Møre og Romsdal seier blankt nei til denne løysinga.

– Det følast veldig merkeleg, det er eit typisk eksempel på skrivebordsjuss, meiner Røsgaard.

Solli er samd.

– For meg er det paradoksalt at Kristiansund kommune får lov til å ta opp eit lån og gjennomføre alle kostnadane sjølv, men dei får ikkje lov til å ta opp eit lån som blir dekt av ein utbyggar. Det er heilt merkeleg, meiner Solli.

Har klaga på avgjerda

I avtalen får kommunen også 100 tomter i pant for å sikre at dei ikkje skal tape på dei rundt 20 millionar kronene som dei må legge ut for, uansett kva som skjer. Men fylkesmannen står på sitt.

Dermed hamnar saka hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Vi ser positivt på departementet si behandling av saka, og vi har tru på at dei vil gjere om på fylkesmannen sitt vedtak, seier Røsgaard.

Sidan klaga er inne til vurdering hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vil ikkje fylkesmannen i Møre og Romsdal kommentere saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL