Hopp til innhold

Kommunane vil ha meir frivilleg omsorg

Sytti år skil dei to venninnene, men det legg dei lite merke til. For Torbjørg Kjerstad og Linn Monsen har det blitt mange gode samtalar etter at Linn bestemte seg for å gjere ein frivillig innsats på aldersheimen.

Torbjørg Kjerstad og Linn Monsen

Torbjørg Kjerstad og Linn Monsen deler gjerne ein kaffikopp og ein prat. Fleire kommunar oppmodar no fleire til å delta i frivillig omsorgsarbeid.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det vankar både klem og kaffi når Linn kjem til omsorgssenteret på Aspøya i Ålesund. For Torbjørg, som snart fyller 95, er det eit kjærkome avbrekk å få besøk. For folk i 90-åra er det slett ikkje uvanleg å mangle eit nettverk.

– For meg starta det då eg studerte i USA, seier Monsen.

– Der har dei ein annan kultur for frivillig arbeid. Så då eg flytta tilbake bestemte eg meg for å prøve dette.

Nysgjerrige på kvarandre sine liv

Det er vel eitt år sidan dei to møttest. For Monsen er det spennande å høyre historier frå eit liv som er heilt annleis enn hennar.

– Ho fortel om oppveksten sin og om krigen, ting som er veldig fjernt frå kvardagen min, seier ho.

Torbjørg Kjerstad

95-åringen seier ho set stor pris på besøksordninga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Like eins får Kjerstad høyre om korleis det er å vere ung i dag.

– Ja, eg får vel ikkje vite alt, smiler ho.

Oppmuntrar til meir frivillgheit

Fleire kommunar går no aktiv ut og ber folk melde seg til denne typen frivillig omsorgsarbeid. For dei tilsette er ordninga til hjelp i ein travel kvardag.

– Vi har akkurat det vi treng og skulle vore fleire. Så frivillige som hjelper oss set vi pris på, seier styrar Henning Pilskog.

Også 95-åringen ved bordet er samd.

– Eg opplever det som gjevande, seier Kjerstad og ser på venninna.

– Eg gler meg til ho kjem.

– Eit viktig tilbod

Siv Katrin Ulla

Siv Kathrin Ulla er leiar for frivillighetssentralen i Ålesund.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg syns dette er greitt, så lenge kommunane ikkje går over grensa, seier, Siv Kathrin Ulla ved frivillighetssentralen i Ålesund.

Ho meiner det er viktig at frivillige ikkje skal erstatte arbeidsplassar.

– Dette er eit supplement til dei tenestene kommunen skal tilby, seier ho.

– Men kvar går grensa?

– Kommunen skal gjere oppgåver som er lovpålagt, men gjeld det nokon å prate med, gå tur eller lese aviser og handle, så tenkjer eg det er positivt for begge partar.

Ho trur likevel det kan bli utfordrande dersom dette får eit større omfang.

– Dersom kommunane no startar for fullt med å oppmode til dette, så vil vi nok mangle folk, seier ho.

Når nettverket av familie og venner er lite, har det stor verdi at nokon stiller opp - og vil vere ein frivillig venn. Ein aldersforskjell på 70 år hindrar ikkje Torbjørg og Linn i ha det kjekt i lag.