Jørgen Kosmo - Riksrevisor Jørgen Kosmo og Fylkesmann i Møre og Romsdal diskuterer opne dører i kontrollutvala. - Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Riksrevisor Jørgen Kosmo og Fylkesmann i Møre og Romsdal diskuterer opne dører i kontrollutvala.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

-Styrkar tilliten dersom publikum får vere med på møtet

Kontrollutvala i kommunane bør ha opne dører for å styrke tilliten, meiner riksrevisor Jørgen Kosmo.

Stadig dukkar det opp spørsmål om habilitet, korrupsjon og kameraderi. I små kommunar med tette nettverk er det viktig med gode kontrollrutinar. Difor kan opne møter i kontrollutvala styrke tilliten, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.

Bør vere opne

– Eg synest det bør vere ein hovudregel at møta er opne, og så kan dei lukkast dersom det er naudsynt. Slik gjer vi det i kontrollkomiteen på Stortinget, seier Kosmo.

LES OGSÅ:

Regelbrot

Kontrollutvala i kommunane skal utøve tilsyn på vegner av kommunestyret. Dei skal med andre ord avdekke regelbrot og forhold som kan vere uetiske.

Det vanlege er at kontrollutvala er lukka, men i Rauma har kommunen vedteke å gjere møta opne for publikum og media.

Ole Bjørn Moen - Rådmann i Rauma, Ole Bjørn Moen, seier at dei har vedteke at møta skal vere opne for publikum. - Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rådmann i Rauma, Ole Bjørn Moen, seier at dei har vedteke at møta skal vere opne for publikum.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Innblikk i sakene

– Det er viktig for at folk skal få innblikk i sakene og at sakene skal bli debattert i det opne rom, seier rådmann Ole Bjørn Moen.

Professor Jan Fridhof Bernt fortel at det er ein praksis at møta i kontrollutvala har vore lukka, fordi ein då kan vere friare til å legge fram saker, utan å risikere at sakene hamnar i media.

– Etter mi oppfatning har allmenta krav på å vite kva kontrollutvalet diskuterer, seier Bernt.

Solveig Linge Stakkestad - Solveig Linge Stakkestad synest det kan vere vanskeleg å kontrollere kollegaer. - Foto: Arild Erlien / Norges bondelag /

Solveig Linge Stakkestad synest det kan vere vanskeleg å kontrollere kollegaer.

Foto: Arild Erlien / Norges bondelag
Slekt med kvarandre

Solveig Linge Stakkestad er nestleiar i kontrollutvalet i Norddal, og ho fortel at det vert tette band mellom politikarane i små kommunar. Mange er i slekt med kvarandre, eller er naboar og kjenner kvarandre godt. Ho synest det kan vere vanskeleg å kontrollere kollegaene sine.

– Ein må gjere jobben ein er sett til å gjere. Eg trur det er bra med opne møter, for det er meir tillitsvekkande, seier Linge Stakkestad.

Siste video/lyd

Det har vore full fres, høgt og lågt på fotballfestivalen i Hundeidvik i Sykkylven i dag.
Sjåarbilete
Her er dagens utvalde bilete.