Hopp til innhold

Kritisk skadd etter kollisjon med lastebil

Tilstanden er kritisk for mannen som kolliderte med ein lastebil i Surnadal onsdag morgon.

Bilulukke ved Harangen i Surnadal

Ein mann i 50-åra er kritisk skadd etter at ein personbil kolliderte med ein lastebil i Surnadal på Nordmøre onsdag.

Foto: Jon Storholt

Det opplyser St. Olavs Hospital like før klokka 13.

Ulukka hende litt etter klokka 09 på fylkesveg 65 i Surnadal ved Harangen då ein personbil kolliderte med ein lastebil. To menn var involverte i ulukka.

Til sjukehus med luftambulanse

Føraren av personbilen, ein mann i 50-åra, vart sendt til St. Olavs Hospital med ambulansehelikopter. Skadane er ifølgje sjukehuset svært alvorlege og tilstanden kritisk.

Lastebilsjåføren er sendt til sjukehuset i Orkdal for sjekk.

Trafikkdirigering

Ifølgje Vegtrafikksentralen kan ein ta ei omkøyring via fylkesveg 325 på nordsida av elva Surna. Trafikken mellom Rindal og Surnadal vert også dirigert manuelt forbi ulukkesstaden.

– Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er på staden saman med politiet. Dei gjer no undersøkingar, og vi reknar å få meir klårleik i kva som har skjedd når dei er ferdige med arbeidet sitt, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr til NRK klokka 13.05.

Vegen var stengt i ein time medan det var bilberging på staden.

Ulukke

Det er manuell dirigering forbi fylkesveg 65 mellom Rindal og Surnadal som følgje av ulukka.

Foto: Skjermdump

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL