Hopp til innhold

Køkaos på Hareid ferjekai

Auka trafikk på ferjesambandet mellom Hareid–Sulesund som følgje av raset på E39 fører til trafikkaos på Hareid.

Kø på Hareid-Sulesund

Det er lange køar på Hareid fredag.

Foto: Svein Smørdal

Fulle ferjer og lange køar er situasjonen på Hareid ferjekai fredag formiddag.

– Ja det har vore stor pågang no den siste timen. Alle ferjene er fulle og nokre bilar må stå att kvar tur. Vi merkar godt at vegen er stengt, seier mannskapet om bord på ei av ferjene som patruljerer sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Torsdag kveld vart E39 stengt etter at eit ras gjekk ved Rindane, like før Håvoll i Ørsta kommune. I mellomtida er alternativ omkøyring via Eiksundtunnelen og over Hareid, noko som har ført til ekstra stor pågang på ferjesambandet Hareid–Sulesund.

Vil prøve å finne ei løysing

Situasjonen blir også forverra av at sambandet berre har to ferjer. Sambandet skulle i utgangspunktet hatt tre ferjer, men C-ruta på strekninga er for tida lånt vekk som reserveferje på sambandet Årvik–Koparnes.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

Regionsjef i Norled, Inge André Utåker, fortel at dei vil prøve å få C-ferja tilbake på sambandet Hareid-Sulesund i løpet av fredag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er beklageleg at det har gått eit jordras utanfor Ørsta som gjer at E39 er stengt og at trafikken over Hareid dermed blir større enn kapasiteten på sambandet, seier regionsjef i Norled, Inge André Utåker.

Han fortel at dei no jobbar for å C-ferja tilbake i sambandet så raskt som råd.

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert, men vi håpar å få på plass C-ferja i løpet av fredag ettermiddag, seier Utåker.

– Burde de ikkje ha sett inn ei anna ferje i mellomtida?

– Det kunne vi ha gjort dersom vi hadde hatt ei ferje til å setje inn. Kontrakten seier at det skal vere ei reserveferje, og den er dessverre i bruk, seier Utåker.

Uklart kor lenge vegen blir stengd

Kor lenge E39 blir stengt er framleis uklart. Ein geolog frå Statens vegvesen jobbar no på staden for å vurdere tryggleiken på strekninga og når vegen eventuelt kan opne.

Reisande må truleg rekne med ein del kø på denne strekninga fredag.

Laster Twitter-innhold