Steinar Folde har budd nær sjøen på Valderøya sidan 1999, men er ikkje vand med å sjå kval kome så nær land.
Stor kval
– Eg har aldri sett kval så nær land her, og ikkje av denne typen heller.
Søndag kveld ropte plutseleg svigerinna til Folde at ho såg noko digert nede i sjøen. Etter å ha undersøkt nærare fann dei ut at det var ein kval. Ein diger kval. Steinar Folde anslår at kvalen var mellom 10 og 15 meter lang. Han drog fram mobiltelefonen og filma det han kunne.
Jakta på noko?
Folde følgde kvalen langs land heilt til Vigra og gjorde ei rekkje opptak.
– Det er ei strekning på rundt tre kilometer. Kvalen må ha beita eller jakta på noko. Bak han var det ei raud stripe, men det var ikkje blod.
Først skjøna ikkje Steinar Folde kva slags kval det var, men etter opplevinga slo han opp kvaltypar og er no ganske sikker på at det var knølkval.
– Sjeldan så nær land
Ekspert på livet i sjøen, Jan Einarsen, slår fast at Steinar Folde har rett: kvalen som er fotografert er ein knølkval. Knølkvalen er lett å kjenne att på dei store, kvite finnane han har på sida.
Knølkvalen er slett ikkje eit uvanleg syn, men observasjonar så nær land er nok meir sjeldan, sidan knølkvalen held seg mest i meir ope hav, meiner Einarsen. Knølkvalen er på vandring no om våren.
– Slike observasjonar er nok meir vanleg lenger nord i landet, seier Jan Einarsen, som gjerne vil høyre om det dersom fleire har sett knølkval i området.