Hopp til innhold

Kleven byggjer luksusyacht

Kleven har inngått kontrakt om bygging av ein 116 meter lang luksusyacht. Dette er andre fartyet av same type som vert bygt på verftet.

Luksusyacht frå Kleven

Kleven bygg luksusyacht for forretningsmannen Graeme Hart.

Foto: Kleven

Ståle Rasmussen

Konsernsjef Ståle Rasmussen er glad for kontrakta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er Graeme Hart, ein forretningsmann frå New Zealand, som har bestilt båten. Han skal vere den rikaste personen i landet. Den første luksusyachten Kleven bygg for han, skal leverast sommaren 2015. Kontrakten som vart inngått i dag er på ein 116 meter lang luksusyacht, som er spesielt utvikla for lange ekspedisjonar i tøffe farvatn.

– Det er svært gledeleg at Graeme Hart ønskjer å bygge enda eit spektakulært fartøy hos oss, og det er ei stor anerkjenning av det arbeidet våre tilsette har gjort til no på fartøy nummer ein. Utviklinga av desse fartøya viser også at det nære samarbeidet i den maritime klynga evnar å ta denne industrien vidare og inn i nye marknader, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven i ei pressemelding.

Graeme Hart har vore på Kleven verft fleire gongar for å fylgje med på byggeprosessen. Luksusyacht nummer to skal stå ferdig i juli 2016.