Hopp til innhold

Klassequizen: – No skal vi feire med is

Laget frå Smøla er klare for landsfinalen i Klassequizen. Etter ein svært jamn finale, stakk dei av med sigeren framfor laget frå Julsundet skole.

Smøla vann fylkesfinalen i Klassequizen

Vinnarlaget Johannes Olsen Munkli, Ingrid Dalheim Iversen og Ole Edvard Myrvoll. Her saman med kontaktlærar og reservespelar

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Det renn inn med meldingar og gratulasjonar til vinnarane, som håpte på geografi og sport, men fekk bryne seg på kategoriane «dyr», «bokstaven d», «gater og vegar» og «Tor».

Fylkesfinale i Klassequizen 2015

Smøla og Julsundet i finalen.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Med to svært jamne lag i sving, måtte det til slutt eit utslagsspørsmål til for å kåre ein vinnar. Difor var spenninga stor til siste slutt

Smøla skole vann fylkesfinalen i Klassequizen i Møre og Romsdal 2015

Laget frå Smøla er klar for finalen.

Foto: Charlotte Ervik / NRK
Julsundet skole i fylkesfinalen i Klassequizen

Julsundet skole fekk full pott i innleiande runde, men nådde ikkje heilt opp i finalen.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

– Vi heldt pusten heilt til vi høyrde at Smøla blei ropt opp. Vi var slett ikkje sikre, seier Ingrid Dalheim Iversen.

– Vi trudde nok Julsundet ungdomsskole var sterke, og det var dei jo også, seier Johannes Olsen Munkli.

Litt is og lang biltur heim

– No skal vi feire med ein is i sola, seier Ole Edvard Myrvoll.

Dei tre trur nok det kan bli litt ekstra på skulen også, men først ventar altså ein fem timars biltur heim til Nordmøre.

– Litt ekstra merksemd må det nok bli på skulen også, seier lærar Astrid Neerland.

Ho kan også avsløre at dei har planar om å bruke premien på 5000 kroner til ein klassetur til Kristiansund.

– Vi er jo kjempestolte av dei for det dei har fått til, seier Neerland.

Sjå finalen her:

Smøla og Julsundet møttes til fylkesfinale i Klassequizen i Møre og Romsdal

Sterk semifinale

Smøla stilte med elleve av tolv poeng i den innleiande runda og var dermed likt med

Valldal skule i semifinale i Klassequizen

Valldal skule gjorde ein god innsats i semifinalen, men måtte sjå seg slått av Smøla.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Valldal. Difor måtte dei først forsere semifinalen, før dei kunne møte Julsundet skole i finalen måndag.

Sjå semifinalen her:

Created by InfoDispatcher

– Skal gjere vårt beste i finalen

I fjor var det nettopp laget frå Møre og Romsdal som gjekk av med sigeren i landsfinalen, då Halsa skole gjekk heilt til topps. Gjengen frå Smøla vil ikkje vere snauare.

– Vi skal gjere vårt beste, seier dei.

– Men vi må nok kanskje øve litt på litteratur og politikk.

Neerland seier dei tre ikkje har brukt mykje skuletid til førebuingar til fylkesfinalen.

– Nei, dette har dei klart sjølve, og dei har gjort det veldig bra. Så no må det vel bli litt øving fram mot landsfinalen. Eg veit at dei er opptatt av å gjere det bra, seier ho.

Landsfinalen går av stabelen i Oslo 23. mai. Og då altså med eit lag frå Smøla på plass.

Terminliste Klassequizen Møre og Romsdal 2015

DATO

SKOLE

SENDING

POENG

Onsdag 07.01

Myklebust ungdomsskule

Morgen

8

Onsdag 07.01

Åheim barne- og ungdomsskule

Ettermiddag

7

Mandag 12.01

Vatne ungdomsskule

Morgen

9

Mandag 12.01

Haramsøy skule

Ettermiddag

9

Onsdag 14.01

Stokksund skule

Morgen

10

Onsdag 14.01

Gursken oppvekstsenter

Ettermiddag

9

Mandag 19.01

Stordal skule

Morgen

8

Mandag 19.01

Sunnylven skule

Ettermiddag

7

Onsdag 21.01

Eidsdal skule

Ettermiddag

7

Mandag 26.01

Skarbøvik ungdomsskule

Morgen

9

Mandag 26.01

Hareid ungdomsskule

Ettermiddag

6

Onsdag 28.01

Vågsetra barne- og ungdomsskule

Morgen

9

Onsdag 28.01

Eide ungdomsskole

Ettermiddag

5

Mandag 02.02

Nordlandet ungdomsskole

Morgen

10

Mandag 02.02

Frei ungdomsskole

Ettermiddag

7

Onsdag 04.02

Smøla ungdomsskole

Morgen

11

Onsdag 04.02

Sør-Tustna skole

Ettermiddag

7

Mandag 09.02

Halsa barne- og ungdomsskole

Morgen

8

Mandag 09.02

Tingvoll barne- og ungdomsskole

Ettermiddag

8

Onsdag 11.02

Eidsvåg barne- og ungdomsskole

Morgen

7

Onsdag 11.02

Eresfjord barne- og ungdomsskule

Ettermiddag

7

Mandag 23.02

Sjøholt barne- og ungdomsskule

Morgen

10

Mandag 23.02

Bekkevoll ungdomsskole

Ettermiddag

10

Onsdag 25.02

Julsundet skole

Morgen

12

Onsdag 25.02

Hustad barne- og ungdomsskole

Ettermiddag

8

Mandag 02.03

Brattvåg ungdomsskule

Morgen

5

Mandag 02.03

Skodje ungdomsskule

Ettermiddag

8

Onsdag 04.03

Rindal skole

Morgen

8

Onsdag 04.03

Surnadal ungdomsskule

Ettermiddag

7

Mandag 09.03

Blindheim ungdomsskole

Morgen

10

Mandag 09.03

Sykkylven ungdomsskule

Ettermiddag

7

Onsdag 11.03

Møre ungdomsskule

Morgen

11

Onsdag 11.03

Valldal skule

Ettermiddag

11

Lørdag 23.05

Nasjonal finale på NRK1

Ekspander/minimer faktaboks