Hopp til innhold

New Zealands rikaste mann kjøpte 107 meter lang yacht frå Kleven

Eigarane av fartøyet, Robyn og Graeme Hart frå Auckland, New Zealand, kom til Ulsteinvik for å sjå sjøsettinga av skipet. Sjå video av sjøsettinga her.

Spektakulær 107 meter lang yacht sjøsett frå Kleven Verft

Fartøyet vil få namnet ‘Ulysses’ når det vert overlevert på våren 2015.

Foto: Kleven Verft AS

Eierne av kjempeyachten sammen med Kleven verft

Eigarane av yachten, Robyn (i raudt) og Graeme Hart (i blå skjorte og jakke) her saman med representantar frå Kleven verft.

Foto: Svein Smørdal

Laurdag vart det 107 meter lange spesialfartøyet sjøsett frå beddingen på Kleven Verft i Ulsteinvik. Fartøyet skil seg ganske mykje frå kva verftet vanlegvis brukar å bygge.

Mange møtte opp for å sjå det spektakulære skipet på Kleven laurdag ettermiddag. Svein Smørdal var ein av dei. Han fortel at eigaren sjølv fekk trykke på knappen som utløyste sjøsettinga.

– Dette er eit svært spennande prosjekt for oss. Vi har vore rundt på verftet og om bord i fartøyet, og eg er svært godt fornøgd med Kleven Verft og det arbeidet som har blitt gjort her så langt, seier Graeme Hart som er ein erfaren yachteigarar med mange nybyggingsprosjekt bak seg.

Multimilliarderen Graeme Hart er New Zealands rikaste mann med 6,5 milliardar på bok, ifølge National Business Review.

Sjå video av sjøsettinga her:

Laurdag vart det 107 meter lange spesialfartøyet sjøsett frå beddingen på Kleven Verft i Ulsteinvik. Fartøyet skil seg ganske mykje frå kva verftet vanlegvis brukar å bygge.

Sjøsettinga gjekk som smurt. Foto: Svein Smørdal

Leverer til ein spesiell marknad

 Ståle Rasmussen

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, trekk også fram det nære og gode samarbeidet som har prega prosjektet.

– Vi har utvikla og bygd mange fartøy i samarbeid med Marin Teknikk, og dette prosjektet stadfestar at utvikling og nytenking har gode kår når partane kjenner kvarandre så godt som vi gjer. Vi har også fått ein svært god relasjon til kunden etter å ha arbeidd saman om dette prosjektet i halvtanna år.

– Prosjektet viser at vi også kan levere innan denne heilt spesielle marknaden. Det er spennande tider, seier Ståle Rasmussen.

New Zealands rikaste mann kjøpte 107 meter lang yacht frå Kleven

Denne yachten vart sjøsett frå beddingen ved Kleven Verft i Ulsteinvik laurdag.

Foto: Kleven Verft AS