Hopp til innhold

Vegvesenet skal redde humla

Statens vegvesen har kasta seg inn i kampen for å redde humle- og biebestanden i Noreg. Les korleis også du kan hjelpe til!

Humle i farta. Skagen i Bø.

Det blir stadig færre humler og bier i Noreg.

Foto: Bjørn E. Halvorsen

Eit moderne landbruk har ført til at mange av dei gamaldagse slåtteengene har forsvunne. I Noreg i dag er det derfor truleg Statens vegvesen som har flest humler på sine areal langs vegkantane. At vegvesenet ønsker å hjelpe til med å auke den trua bestanden, er Toril Mentzoni i foreininga «La humla suse» svært fornøgd med.

– Dei har venta med å slå og hevar klippehøgda for at humlene skal ha nok mat gjennom sesongen. Vi synest det er heilt strålande at Statens vegvesen har teke så gode grep, seier ho om arbeidet som har blitt gjort på Austlandet.

Skal unngå kantrensk

Hanne Mørch

Grøntforvaltar Hanne Mørch i Statens vegvesen region Midt håper fleire blomsterenger langs vegkantane vil føre til fleire humler og bier.

Foto: Privat

Vegvesenet i Midt-Noreg er no i gang med tilsvarande arbeid, og skal dessutan kartleggje alle vegkantar som treng betre levekår for humlene og biene.

– Vi vil iallfall hjelpe til med det vi kan hjelpe til med, seier grøntforvaltar Hanne Mørch i Region Midt.

Der det er mogleg vil vegvesenet prøve å dyrke tilbake blomsterengene som var i vegkantane før. Samtidig vil dei prøve å unngå kantrensk i område der det framleis er blomsterenger å ta vare på.

– Eg håper vi med det kan sørge for at det etter kvart kjem fleire humler og bier, seier grøntforvaltaren.

Å ha fått Statens vegvesen på laget, meiner Mentzoni i« La humla suse» sender eit viktig bodskap til andre.

– Det gir ein signaleffekt til andre store aktørar. Det at nokon tek aktive grep gjennom kartlegging og konkrete tiltak, betyr enormt mykje for humlene, seier ho og legg til at blant anna Forsvarsbygg no vil gjere ein innsats.

NRK skole har mange filmar om bier og humler, ta ein titt på desse sidene:

Blir stadig færre

Arnodd Håpnes, fagleder Naturvernforbundet

Fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet seier bruk av sprøytemiddel er ein av hovudårsakene til at det vert færre humler og bier.

Foto: Jo Straube

Det vert mindre og mindre humler og bier, både i Noreg og resten av verda. Ifølgje Håpnes kan det vere snakk ein reduksjon på opptil 50 prosent i løpet av 100 år. Berre i Noreg har 12 bieartar blitt utrydda sidan 40-talet.

– Det er skremmande og eit alvorleg problem, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Norges Naturvernforbund.

–Humlene og biene er kjempeviktige i arbeidet med å polinere vanlege blomar og viktige matartar som korn og frukttre, forklarar han.

Håpnes trekkjer fram to hovudårsaker til at dei viktige insekta forsvinn sakte, men sikkert. Det eine er at det har blitt spreidd mykje miljøgifter dei siste ti åra som humlene og biene er spesielt ømfintlege for. Vidare har landbruket blitt effektivisert slik at det varierte kulturlandskapet med mykje blomster har blitt betydeleg redusert.

– I enkelte land har situasjonen blitt så alvorleg at ein no må polinere frukttrea for hand, fordi det rett og slett ikkje er bier og humler att til å gjere jobben gratis for bøndene, seier han.

– Vi ser at når humla forsvinn så mistar kloden litt av evna til å produsere mat, legg han til.

«Alle» vil redde humla

Jordkloden har møtt ei rekkje ulike miljøutfordringar i samband med industrialiseringa. Å gjere noko med desse utfordringane krev ofte store og vanskelege politiske avgjersler på nasjonalt og internasjonalt plan.

Heldigvis må det mindre til for å redde humlene og biene, hevdar Toril Mentzoni i«La humla suse.» Foreininga, som jobbar for å opplyse om dei trua humlebestandane og korleis dei kan reddast, har merka stor pågang og interesse sidan oppstarten i juni i fjor.

– Det er enormt til entusiasme og engasjement rundt spørsmålet. Alle, både små og store, ønsker å redde humla frå utrydding. Det er som om det går ei humlebølge over landet, seier ho.

Sjå faktaboksen oppe til høgre for korleis også du kan bli med på redningsaksjonen for dei gule og svarte små.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL