Hopp til innhold

Milliardtankar kastar loss for 30 år

Statoil sin nye milliardtankar Heidrun B ligg no til land i Kristiansund. Skipet kastar snart loss, og då vil det ikkje sjå land igjen på tretti år.

Created by InfoDispatcher

Heidrun B kastar snart loss, og då vert skipet liggande til sjøs til det går til opphogging.

– Båten er 250 meter lang, er 45 meter brei, og den tar 850 000 fat olje, seier Øyvind Sand som er leiar for driftsførebuingane på Heidrun.

Kastar loss for godt

Tore Kulset

Tore Kulset er prosjektansvarleg på Heidrun B.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kjempeskipet Heidrun B ruvar ved kai i Kristiansund medan dei siste tilpassingane vert gjort. Deretter held turen som starta ved verftet i Korea fram mot det værharde Heidrun-feltet i Norskehavet.

– Det har medført ein god del forsterkningar i skroget i og med at den skal ligge i relativt røffe værforhold lenge, seier Tore Kulset som er prosjektansvarleg på Heidrun B.

Øyvind Sand

Øyvind Sand er leiar for driftsførebuingane på Heidrun.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Når han seier lenge, så meiner han verkeleg lenge, for når skipet kastar loss er det eigentleg for godt.

– Det er berekna at det skal sjå land om 30 år når skipet går til opphogging, seier Øyvind Sand.

– Fantastisk imponerande

I dei 30 åra skipet skal vera til sjøs skal det gå olje i skipet sine tankar, og når tankane er fulle skal eit anna skip komme og hente olja for å ta denne med til land.

Skipet har Statoil betalt 1,4 milliardar kroner for, ein pris som ligg på 5,5 million kroner per meter. På omvisinga på skipet var det mange i kommuneleiinga som var imponerte.

– Det er fantastisk imponerande med teknologien om bord, og ikkje minst storleiken på dette, seier fungerande ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL