Etter planen skal det nye sjukehuset på Hjelset i Molde stå klart i 2021, men det er sjukehuset i Ålesund som skal ta seg av barna i Møre og Romsdal. Dødsfallet til ti månader gamle Sebastian har fått diskusjonen til å blusse opp att.
– Det er eit felles krav. Barneavdelinga i Kristiansund er for Nordmøre og Romsdal, seier Edvard T. Eide. Han er advokat og har vore talsmann for familien som miste babyen.
LES OGSÅ:
Rart å bygge utan barneavdeling
I dag har sjukehuset i Kristiansund barneavdeling som er ope i vekedagane og stengt i helgene. Etter dødsfallet bestemte Helse Møre og Romsdal at barneavdelinga skal ha eit begrensa tilbod i helgene. Eide meiner at det nye sjukehuset må ha ei fullverdig barneavdeling.
– Dersom ein ser på regelverket der barn skal prioriterast, vil det vere rart å byggje eit nytt, stort sjukehus utan barneavdeling, seier Eide.
LES OGSÅ:
Lovar ingenting
Nasjonale retningsliner seier at eit sjukehus bør famne om minst 50.00 barn for å gi eit bredt og godt tilbud. I Møre og Romsdal sokner 53.000 barn til dei to avdelingane i Ålesund og Kristiansund. Helse Møre og Romsdal kan ikkke love ei ny fullverdig barneavdeling i Molde når det nye sjukehuset er ferdig.
– Dersom ein ser på nasjonale tal, er pasientgrunnlaget i Møre og Romsdal stort nok til ei barneavdeling, seier Espen Remme. Han er strategi- og utviklingsdirektør i Helse Møre og Romsdal.
Remme seier at det nye sjukehuset skal kunne ta imot barn og gi dei eit forsvarleg og godt tilbod. Spørsmålet er om barna skal transporterast vidare til barneavdelinga i Ålesund.
– Det må vi sjå nærare på, seier Remme.