Hopp til innhold

Kan bli verdsmeistrar i undervassrugby

Det er klart for VM i undervassrugby i Colombia, og Noreg stiller med lag både i kvinne- og i herreklassen. Sjansane for gull er gode.

Amanda Barsten

VINNARMÅL: Sist VM i undervassrugby, i 2011, vart det gull for både kvinnene og herrane. I år forsvarer laga gullet i VM i Colombia. Bilete er frå då Amanda Barsten sette inn vinnarmålet i finalen mot Sverige i 2011.

Foto: Pekka Tuuri

Iver Bjørnerem

TRENAR: Iver Bjørnerem er trenar og spelar på herrelandslaget i undervassrugby.

Foto: THE NORWEGIAN NATIONAL UNDERWATER RUGBY TEAMS

– Både herrelaget og damelaget er forsvarande verdsmeistrar, seier trenar og spelar på herrelandslaget til Noreg, Iver Bjørnerem.

Moldensaren er i Cali i Colombia der den tiande verdsmeisterskapen i undervassrugby blir arrangert i år. Førre VM var i 2011 i Finland, og då stakk både herre- og damelandslaget til Noreg stakk av med gull.

Det vil vera skuffande å ikkje kunne ta gull igjen, seier Bjørnerem.

Gode motstandarar

Colombia er det einaste landet utanfor Europa som har arrangert VM i undervassrugby, og sist dei arrangerte VM var i 1995.

Norges landslag i undervannsrugby

GULL: Laga til Noreg før VM i 2011. Det året vart det gull til både kvinnene og herrane.

Foto: Underwater Rugby World Championships

Året 1995 er også det einaste året utanom 2011 at Noreg har tatt gull, og då var det Noreg sitt damelag som stolt kunne ta med seg medalje heim.

Opningsseremoni Colombia 2015

OPNING: På opninga av VM 2015 i Colombia var Noreg godt representert, med både herre- og damelandslag.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Årets VM starta sundag, og damelaget spelar første kamp mot Tyskland måndag, medan herrelaget spelar første kamp mot Colombia tysdag. Før spelinga er det ein del omstillingar for spelarane.

– For mange er det veldig nytt å reise til eit nytt kontinent og tilpasse seg til dømes varme og tidsforskjell, rett og slett eit nytt klima, seier Bjørnerem.

Han seier at det er nokon motstandarar som kan hindre dei norske laga i å ta gull.

– Tyskland og Colombia er kanskje rekna som dei aller tøffaste motstandarane, og Sverige og Danmark er ganske gode, seier han.

Mange frå Molde

Undervassrugbyspelarar frå Noreg

KLARE: Spelarane er på plass i Colombia og brukar dagane til å gjere seg klare for kamp. På biletet: Tove Margrethe Håland og Stine Røsok Dahl.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Bjørnerem som er både trenar og spelar på herrelandslaget synest ikkje det å ha to roller er noko som byr på store utfordringar.

– Mykje av styrken med laget er at det er eit lag som går av seg sjølv. Dei veit kva dei skal gjere, så det er ikkje ei veldig stor utfordring, seier han.

Landslagsdrakter i VM for undervassrugbyteamet frå Noreg

DRAKTER: Det er ikkje tvil om kvar laget kjem frå.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Og med seg på laget har han mange spelarar frå heimfylket.

– Me er ganske mange med tilknyting til Molde-laget. På herrelaget har me ti stykk som har spelt eller spelar på Molde. På damelaget er det fire eller fem frå Molde, seier han.

Noko av årsaka til at mange spelarar frå Rosenes by hamnar i landslagstoppen trur trenaren skuldast eit godt samarbeid med symjeklubben i Molde.

– I miljøet har me også mange som me kallar kontinuitetsberarar som har vore med i mange år, så det her er ein sport der unge og gamle finn saman, seier han.

– Det tar på

Klare for trening

PÅ PLASS: Landslagsspelarar på Noreg sine undervasslag har brukt dagane fram mot VM til å omstille seg og trene. Frå venstre: Gerd Anne Solibakke, Kathrine Rasch Moyo (bak) og Hedda Døli.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Undervassrugby er uoffisielt kåra til «verdas tredje raraste sport» av Business Insider, og Bjørnerem seier det kan vera ei krevjande sport, for dei er lenge under vatn.

– Eg vil tore å påstå at det er krevjande, for ein straffesituasjon er 45 sekund, og det tar på. Alt skjer med høg puls, seier han.

Og inkje mindre enn gull skal de komme heim med i bagasjen?

– Me kryssar fingrane for det, seier han.

Kampane blir sendt direkte på heimesidene til arrangøren.

SJÅ OGSÅ:

Undervannsrugby i Norge Rundt i 1983

SJÅ OGSÅ:

Noen synes undervannsrugby er en merkelig idrett, men spillerne på Moldes kvinnelag er seriøse og hardtarbeidende. Alle har et brennende ønske om å ta gull i Champions Cup, rugbyens mesterliga. Men når de endelig kommer til finalen møter jentene tøff motstand i en svært dramatisk kamp. (5:5)