Hopp til innhold

– Kan bli skada for livet om dei ikkje får hjelp tidsnok

Lærar må bli flinkare til å melde frå til barnevernet om moglege overgrep mot barn og unge, det meiner doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda.

Barnevern

Illustrasjon: Ei doktoravhandling frå Høgskolen i Volda viser at lærarar og prestar kan bli enno flinkare til å melde frå til barnevernet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Ei doktoravhandling frå Høgskolen i Volda viser at lærarar og prestar kan bli enno flinkare til å melde frå til barnevernet. Kjartan Leer-Salvesen, som har gjort undersøkingane, meiner at lærarane må jobbe meir uavhengig av rektorar og tettare med barnevernet.

– Barn og unge kan bli skada for livet om dei ikkje får hjelp tidsnok. Eg har funne ut at lærar og prestar har ein høgare terskel for å gripe inn og ta saka vidare til hjelpeapparata enn det lovverket legg til rette for, seier han.

Meiner terskelen må vere lågare

I fire år har han arbeida med doktorgrada som viser at lærarar og prestar har stor vilje til å melde frå om mistankar, men at det i verkelegheita berre er éin av tolv som faktisk gjer det. Leer-Salvesen meiner at terskelen må vere lågare for å tørre og melde frå.

Kjartan Leer-Salvesen

I fire år har Kjartan Leer-Salvesen jobba med doktorgrada si.

Foto: Privat

– Undersøkingane viser at dei ofte må vere veldig sikre før dei går vidare med ei uromelding, medan lova seier at det berre må vere grunn til å tru at barnet blir utsett for noko, seier han.

Leer-Salvesen meiner difor at det er viktigare at lærarane melder frå enn at dei let vere, uavhengig av kva resultatet blir.

– Konsekvensane er for store om barna ikkje får hjelp tidsnok. Eg trur det er eit tabu å kunne innrømme at ein kanskje har tatt feil i slike saker. Lærarane må tørre å seie frå og stole på at dei kjenner barna best, seier han.

Kan få alvorlege konsekvensar

Seniorrådgjevar hos Barneombudet, Elin Saga Kjørholt, fortel at barneombodet dessverre ikkje er overraska over resultatet som undersøkingane til Leer-Salvesen viser.

– Vi veit at det blir meldt frå for lite, og vi veit at særleg lærar og barnehagetilsette er utrygge. Konsekvensen er at barn og unge blir verande i situasjonar der dei blir utsett for vald og overgrep, og det er veldig alvorleg. Difor er det så viktig at desse uromeldingane blir meldt til barnevernet, seier ho.

Alle offentleg tilsette har plikt til å melde frå om dei er uroa for eit barn. Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.

– Det er likevel viktig at også desse melder frå om dei har mistanke om noko slik at vi kan undersøke om desse barna lever i ein farleg situasjon, seier Saga Kjørholt.

Tettare samarbeid og opplæring

Elin Saga Kjørholt

Seniorrådgjevar hos Barneombudet, Elin Saga Kjørholt, meiner at tettare samarbeid og meir opplæring er vegen å gå.

Foto: Barneombudet

Seniorrådgjevaren trur redselen for å ta feil kan vere årsaka til at mange nøler med å melde frå.

– Mange lærarar føler at dei blir sittande igjen med ansvaret dersom barnevernet får saka og den seinare blir lagt bort. Då følast det ofte som ein vanskeleg situasjon når læraren skal prøve å samarbeide med familien i ettertid, seier Saga Kjørholt.

Ho meiner at tettare samarbeid og meir opplæring er vegen å gå.

– Dette er noko som både vi og dei offentlege tilsette ønsker. Ein må få denne problemstillinga meir inn i utdanningane. I tillegg må kommunen ta sin del av ansvaret som arbeidsgivar for å trygge den enkelt tilsette på at dei gjer det rette, seier Saga Kjørholt..

– Vi ser kjempestor forskjell på dei kommunen som har ein skikkeleg handlingsplan på dette området. Tala ser heilt annleis ut i dei kommunane som har klare melderutinar, kunnskap om korleis ein skal oppdage overgrep og kjennskap til barnevernet, held ho fram.