Hopp til innhold

Kan bli nasjonalt billettsystem

Stortinget stemmer tysdag for eitt felles elektronisk billettsystem for kollektivtrafikk i heile landet.

Montasje buss og tog

Felles ruteinformasjon og felles billetteringssystem. Slik ser Stortinget for seg at framtida for norsk kollektivtransport vil vere.

Foto: NTB Scanpix/Nettbuss

Om den nasjonale ordninga vert innført, kan eitt enkelt kort brukast til all kollektivtransport i Noreg.

Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune – er positiv til forslaget og trur det vil gjere det lettare for folk å reise.

– Det blir enklare om ein greier å gjennomføre det. Då får ein eit felles kort som ein kan bruke overalt i heile landet på ulike transportmiddel og ulike fylke, seier han.

Det er direktør i Nettbuss Møre, Hallstein Lillevik einig i.

– På generell basis ser vi på det som positivt at ein får ny praksis med samme betalingsmoglegheit på fylkeskryssande ruter. Vi ønsker det hjarteleg velkomen, seier Lillevik.

Mange aktørar

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune trur det vil monne reisande at n

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ifølgje forslaget skal også ruteinformasjonen koordinerast langt betre enn i dag. For å få til dette må alle aktørane, det vil seie NSB, ekspressbusselskapa og fylkeskommunane, bli einige. Samferdselssjefen vedgår at det kan bli ein utfordrande prosess.

– Det er mange aktørar, det er fragmentert. Det er mange takstsystem som skal samordnast, det er 19 fylke og NSB. Alt dette skal gjennomførast i praksis.

– Det kan bli ei suppe. Er det eit realistisk prosjekt?

– Det har vore jobba med dette i mange år. Ei standardisering går føre seg saman med Vegdirektoratet og fylkeskommunane, så dette er svært realistisk, meiner Fuglseth.

– Enklare å ta grøne val

Forslagsstillar og samferdselspolitisk talsmann i Venstre, Abid Raja, meiner ei slik nasjonal ordning vil gjere det enklare å ta grøne val.

– Vi må sette folk sine behov når dei reiser framføre system. Derfor må vi ha eit kollektivsystem som gjer det enkelt å planlegge, betale og utføre ei reise frå A til Å, seier han til NTB.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL