NRK Møre og Romsdal kjem tilbake med meir.
Konstituert adm.dir. Dag Hårstad seier til NRK Møre og Romsdal søndag formiddag at poenget med styremøtet ikkje er å behandle noko som helst i dulgsmål. Han avviser at det er problematisk å avvikle møtet på telefon, sjølv om det avgrensar ålmenta sitt høve til å delta.
– Det viktigaste for oss no er å få ut informasjonen fort, det skjer rett etter møtet, men først må vi orientere styret, seier Dag Hårstad.
– Men er det ikkje eit demokratisk problem at telefonmøtet ikkje kan følgjast av særleg mange?
– Eg syns det er heilt feil vinkling. Det hadde vore eit mykje større problem om vi sat med rapporten til etter nyttår. Poenget no er å svare på ein protokolltilførsel så snart som råd, seier Hårstad.
Ekstraordinært møte om ein time
Helse Møre og Romsdal kallar inn til ekstraordinært styremøte i dag klokka 11. Innkallinga skal ha blitt blei sendt ut laurdag kveld, og ifølgje ordførarane på Nordmøre er dette ein dårleg ide. Dei protesterer på at møtet blir avvikla over telefon, slik at dei ikkje får tilgjenge til møtet.
– Svært uvanleg
Ingunn Golmen, som er leiar for ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre, sende laurdag kveld eit brev til styret, der ho ber om at møtet blir avvikla på eit tidspunkt og med ordinær møteform slik at ålmenta for tilgjenge til møtet.
– For det første er det svært uvanleg å kalle inn til eit ekstraordinært styremøte klokka 20 laurdag kveld, for så å halde møtet dagen etter, i kyrkjetida 4. søndag i advent, skriv Golmen i brevet til styret.
Golmen hevdar at styret i dag vil få lagt fram eit notat som viser at det er gjort brot på helseforetakslova, under behandlinga av sjukehussaka. Ho skriv vidare at notatet også bagatelliserer verknadene av dette.
Skal gje svar på juridiske spørsmål
Møtet kjem i stand etter at tre tilsetterepresentantar, under styremøtet onsdag, bad om ei jurdisk vurdering. Dette skal no leggjast fram i telefonmøtet klokka 11. Ein av dei, Harald Topphol, meiner sjølv det er greitt.
– Eg bad om ei juridisk vurdering, no får eg det, så eg kan ikkje seie noko på det, seier han.
– Ville ikkje det vore betre med eit ope møte der også ålmenta kunne følgje med, slik nordmørsordførarane seier?
– Det vil ikkje eg kommentere, seier han.
Nestleiar Petter Bjørdal seier han ikkje oppfattar møtet som lukka, og at det, så vidt han veit, er mogleg for pressa å kople seg på møtet. Kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim stadfestar at pressa kan kople seg på, og seier Telenor har oppgitt av om lag 100 deltakarar kan vere med.
Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med styreleiar Stein Kinserdal søndag morgon.