Hopp til innhold

Jublar over snøfallet

Etter nokre dårlege vintarar med lite snø jublar no skisentera over snøen som lavar ned fleire stadar i fylket.

Ellen Beate Wollen, markedssjef Strandafjellet

Snøfallet den siste tida skaper optimisme for skisentera i fylket. Fleire av dei kunne opne skitrekka denne veka.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

På Strandafjellet skisenter har snøen kome i store mengder dei siste dagane. Det er også meldt om meir snø i dei komande dagane fram mot jul, til stor glede for marknadssjef Ellen Beate Wollen.

– Det er den beste julegåva vi kunne ha fått. Det har berre snødd og snødd dei siste dagane, seier Wollen medan snøen framleis fell ned rundt henne.

Her ser du når skiløypene i fylket sist vart oppdaterte (skisporet.no).

Høyr heile intervjuet med den glade marknadssjefen her:

Meir enn dei siste to åra

Dei dårlege vintrane dei siste åra med mykje mildvêr og lite snø har vore dårleg nytt for skisentera i Møre og Romsdal. Snøkanonar som har produsert snø for harde livet og skitrekk som har stått stille har vore tendensen dei siste vintrane.

Ellen beate Wollen

Ellen Beate Wollen er svært glad over snøfallet den siste tida.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

– Slik som situasjonen er no klarer vi oss med natursnø, og det er trass alt den som er best, seier Wollen.

Snøfallet dei siste vekene skaper optimisme for vinteren, og Wollen ser lyst på årets sesong.

– Det ser ut til å bli den beste på to år. Snøen som har kome den siste tida har redda vintersesongen for vår del, seier ho.

– Er det problem med så mykje snø eller er det berre kjekt?

– Nei, du får meg aldri til å seie at snøen er eit problem. Det er berre kjekt. Vi er lukkelege så lenge det snøvar, seier marknadssjefen og ler.

Ein gledeleg dag

Men Strandafjellet er ikkje den einaste plassen det er mogleg å stå på ski. Det har snødd mykje i fjella, kanskje mest på Sunnmøre, noko som betyr at fleire skitrekk opnar denne helga. Eit av dei ligg like nedanfor Strandafjellet, på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter i Sykkylven.

kvit jul

Mange kan glede seg til ei kvit jul denne vinteren.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

Fredag klokka seks er det klart for sesongopning for skisenteret og det var ein svært nøgd assisterande driftssjef som gjorde dei siste førebuingane før opninga.

– Det har ikkje våre så gode forhold som det er no, seier Ole Jørgen Tanstad og smiler.

Og medan det siste utstyret kom på plass og brøytebilen køyrde fram og tilbake for å klargjere bakken kunne ein sjå stor glede blant mannskapet på jobb.

– Det er utruleg herleg å endeleg få opne, seier Syver Aure Torvik.

Johan Tanstad er samd.

– Forholda er heilt topp, akkurat slik dei skal vere, seier Tanstad.

Stor skiglede

Med nokre dårlege vintrar ferskt i minnet, har mange vore forsiktige med kjøp av årskort så langt i år. No kan det sjå ut som om aktiviteten er tilbake i skibakken.

Oskar Andgren

Oskar Andgren var ein av dei som hadde tatt turen ut i skibakken fredag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

– Vi har merka at mange har venta med å kjøpe kort i år. Heldigvis ser det ut til at folk gløymer raskt. Så fort snøen kjem så straumar folk til, seier Wollen.

Ein av dei som hadde tatt turen ut i løypene på Strandafjellet fredag var Oskar Andgren. Med eit stor smil rundt munnen og snø i håret kom han ut av skogen og nedover bakken.

– Det var heilt fantastisk, rett og slett perfekte forhold, seier Andgren.

Han var svært glad for at snøen endeleg hadde kome.

– Dette har eg venta lenge på og det var verkeleg verdt det, seier Andgren før han fortsette vidare nedover skibakken.