Hopp til innhold

Rekordår for designhotell i Valldal

Juvet Landskapshotell i Valldal er ein av de største attraksjonane langs dei Norske turisveiene her i landet. 2013 vart beste år hittil.

Juvet landskapshotell

Gjestane som kjem til Juvet landskapshotell er villege til å bla opp lommeboka.

Foto: Jiri Havran

Knut Slinning

Dagleg leiar Knut Slinning er nøgd med året. Han har måtte avvist 10–15 førespurnader kvar dag.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Juvet i Valldal på Sunnmøre var det første landskapshotellet i Europa og planane tok form for snart 10 år sidan. Hotellet er ein del av Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen.

– I sommarsesongen avviser vi 10–15 førespurnader kvar einaste dag, seier dagleg leiar Knut Slinning.

Høg pris

Hotellet har berre ni rom, som ser ut som fuglekasser hengande i naturen. Slinning kan ikkje forklare kvifor landskapshotellet har blitt så populært, men trur kombinasjonen arkitektur, kultur og natur er spesiell. Dei fleste gjestane kjem frå Europa.

– Dei som kjem hit er betalingsvillige. Det kostar å ligge her, seier Slinning.

Dei har nesten ingen gjestar som berre droppar innom for å få ei seng. Opphaldet er ofte planlagt i lang tid i førevegen.

Stor merksemd

Juvet landskapshotell

Hotellet har hatt eit rekordår i år.

Foto: Juvet landskapshotell

Hotellet ligg 20 minutt frå Trollstigen og rett ved sida av Gudbrandsjuvet, som er Nord-Europas største jettegryte. Dei har stort sett hatt fulle hus sidan opninga for fire år sidan, men 2013 vart eir rekordår. Mykje av grunnen er den store merksemda frå media.

– Kvar veke får vi førespurnader frå 3–4 utanlandske magasin som vil skrive om hotellet, seier Slinning. Juvet landskapshotell har vunne fleire prisar for arkitekturen. Siste pris var ein pris frå britiske reiselivsjournalistar.

Vinterstengt

Hotellet stenger for vinteren, men opnar att i midten av februar. Å utvide kapasiteten er ikkje aktuelt.

– No driv vi akkurat slik vi ynskjer. Å ha mellom 15–20 gjestar er ideelt, seier Slinning.

Video Månedens bygg i Møre og Romsdl: Juvet landskapshotell

Juvet landskapshotell har fått fleire prisar opp gjennom åra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL