Hopp til innhold

Jönsson gjekk i bakken med mystisk leggskade

– Det smalt i leggen som ein hagle, sa svensken.

Jönsson på bakken

Jan Jönsson på bakken etter at han fekk ein mystisk leggskade på trening.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

Jan Jönsson ser ut til å få ein smertefull avskjed med Aalesund etter at han på dagens trening gjekk i bakken med ein mystisk leggskade.

Plutseleg låg den svenske trenaren på kunstgraset, og mange spelarar samla seg rundt trenaren. Fysioterapeut Jonas Nordal var raskt på plass og det var tydeleg at Jönsson hadde store smerter.

Trudde akillesen rauk

Måtte hjelpast ut

Jönsson må hjelpast av bana med store smerter i leggen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

Jan Jönsson kunne ikkje gå etter skaden og måtte ha hjelp for å komme seg av bana. Det første han tenkte var at akillesen hadde gått av.

– Eg trudde det var akillesen. Det smalt i leggen, nesten som ei hagle, sa Jönsson like etterpå.

Det medisinske apparatet i klubben må no undersøke nermare kva som har skjedd, men det skal dreie seg om ein muskelskade i leggen.

To kampar igjen

Det er uklart kor gale skaden er, men mykje kan tyde på at Aalesundtrenaren må stille med krykker på sin siste kamp på Color Line Stadion.

I går informerte Jönsson spelarane om at han vil slutte som trenar i Aalesund etter sesongen. Svensken har derfor berre to kampar igjen i klubben før han reiser tilbake til Sverige.