Hopp til innhold

– Han veit at bondeyrket ikkje er ein åtte til fire-jobb

VOLDA (NRK): Mens Jon Georg Dale kom ut av Slottet saman med statsminister Erna Solberg sat ei stolt mor klistra til TV-en heime i Volda. Sonen hennar var blitt landbruksminister.

I dag blei Jon Georg Dale frå Dalsfjorden i Volda landbruksminister. Vi har snakka med mor hans og bygdefolk.

Mor Tone Dale fortel at ho blei stolt og oppøst då ho såg at sonen Jon Georg Dale blei landbruksminister.

Ute gjekk flagget til topps. Inne forsøkte mor Tove Dale å konsetrere seg som baking og andre syslar i heimen. Men blikket fall titt og ofte på det som skjedde på TV-en. Heilt sidan kvelden før hadde rykta gått om at son hennar, Jon Georg Dale, skulle få ein plass i regjeringa.

Eg har prøvt å følgje med, og har sprunge litt ut og inn av stova. Eg måtte no gjere nokre andre syslar, men det har blitt mykje TV-sjåing i dag, ja, seier ei stolt Tone Dale til NRK.

– Stolt og oppøst

Ho hadde ikkje fått vite noko på førehand. Det er alltid slik at ingenting er heilt offentleg før statsministeren har kunngjort den nye samansetninga av regjeringa. Men Jon Georg Dale var eitt av namna som svirra i media. Han har vore statssekretær både i samferdsledepartementet og i finansdepartementet. Mor Tove er sikker på at sonen skal gjere ein god jobb i regjeringa.

Dette er stort. Eg har heldigvis hatt ei venninne her saman med meg slik at eg har fått roa meg ned. Det er klart at eg blir stolt og oppøst. Og eg er overtydd om at han kjem til å gjere ein god jobb.

Jon Geord Dale heimegard

Dette er heimegarden til Jon Georg Dale. Han har arbeidd mykje i denne fjøsen.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Har jobba mykje i fjøsen

Jon Georg Dale har vakse opp på gard i Dalsfjorden i Volda. Under heile oppveksten har dei hatt sauer på garden. Og Jon Georg har delteke i gardsarbeidet i ei årrekkje.

– Han har vore aktivt med i fjøsen frå han var liten gut. Vi har hatt mykje sauer, og å styre i fjøsen det har han alltid likt.

Tove meiner at erfaringane frå heimegarden kan vere gode å ha med seg når han no skal styre norsk landbrukspolitikk.

– Han har erfart korleis det er å vere bonde. Han veit kva det vil seie å måtte gå fram i fjøsen til alle tider på døgnet. Han veit at dette ikkje er ein åtte til fire-jobb.

– Heimreisa truleg utsett litt

Som mødre flest skryt ho av sonen sin, og ho hadde verkeleg lyst til å vere på slottsplassen i dag.

Men det er ikkje mange dagane til han kjem heim. Med det som skjedde i dag så blir det kanskje utsett litt, seier ho. Ho held fram bakinga. For i kakeboksene lurer det mykje godsaker til landbruksministeren kjem heim til jul.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL