Hopp til innhold

Distré Klinge prøvde å lade mobilen i sentralstøvsugaren på Stortinget

Jenny Klinge (Sp) hugsar ikkje alltid kva flyplass ho har parkert bilen på. Å køyre med trusa på skuldra har ho også gjort.

Jenny Klinge

Jenny Klinge (Sp) er i gang med eit bokprosjekt om det å vere distre.

Foto: Bernt Sønvisen

Latteren sit laust hos det som kanskje er den mest distré politikaren på Stortinget. Senterpartipolitikaren frå Surnadal hamnar ofte i så sprø situasjonar at også folk rundt henne må le.

Har fått bokkontrakt

Ulf Leirstein

Ulf Leirstein gløymer ikkje då Klinge prøvde å lade mobilen i støvsugeruttaket.

Foto: Anette Torjusen/NRK

Ulf Leirstein (Frp) gløymer ikkje episoden då Klinge gjekk tom for straum på mobilen i justiskomiteen.

– Når Jenny prøver å kople inn mobilladeren til sentralstøvsugar-uttaket, då er ho distré, slår han fast.

Episodane opp gjennom åra er etter kvart så mange at Klinge har fått bokkontrakt. Der skal ho også snakke med andre distré personar.

LES MEIR:

Trusa på skuldra

Parkeringsvakta som såg Jenny Klinge med ei truse på skuldra, vart kanskje paff. Stortingspolitikaren er ikkje så høg og dermed gneg bilbeltet på halsen. Ho har alltid med seg eit sjal som kan beskytte huda, men ikkje denne gongen.

– Eg kom på at eg hadde reint undertøy i handbagasjen og la ei truse på skuldra, fortel Klinge.

Trusa gløymde ho sjølvsagt å fjerne før ho kom til den bemanna parkeringsplassen.

Klinge vekependlar mellom Oslo og Nordmøre, og det er ofte på desse turane det oppstår situasjonar. Ofte gløymer ho kvar ho parkerer bilen fordi ho brukar tre ulike flyplassar. Ho kan sette frå seg bilen på flyplassen i Molde og leite etter den på Værnes. Ikkje sjeldan har ho gløymt bagasjen.

– Eg har vore slik heile livet, og må dessverre beskrivast som ekstrem distré. Ein kan flire av det, men det kan skape mykje vanskar for meg sjølv og andre, seier Klinge.

Fleire årsaker

Andreas Engvig er lege i spesialisering i geriatri og jobbar med utgreiing av hukommelsesvanskar ved Diakonhjemmet Sykehus i Oslo. Han fortel at å vere distré ikkje er det same som å ha dårleg hukommelse.

– Folk flest har ein avgrensa kapasitet. Dersom all merksemda er retta mot ein ting, då er det mindre kapasitet til å huske kvar du la husnøklane eller andre kvardagslege ting. Vi er nøydd til å vere merksam på ting for å hugse dei, seier Engvig.

– Ein kan bli veldig god på den tingen ein er fokusert på, men det kan fort gå utover andre ting ein skal hugse, held han fram.

Han fortel at også helsemessige forhold spelar inn.

– For lite søvn, for mykje alkohol eller depresjon er alle ting som kan vere med å påverke merksemda. Dette er ting ein kan få hjelp til, seier Engvig.

Stress er heller ikkje gunstig.

– Når ein er stressa har ein ofte fleire tankar i hovudet samtidig og mange ytre distraksjonar. Då blir merksemda vår overvelda, og vi gløymer ting som eit resultat av det, seier Engvig

Jenny Klinge forteller om en uheldig plassert truse.