Hopp til innhold

– Heimbygda har sett eit stort merke i hjarta mitt

Jenny Langlo (19) vann «Idol» i 2011. Ho gjekk frå å vere ei heilt vanleg jente i vennegjengen til å vere eit midtpunkt i mediejaget. Støtta frå heimbygda gav henne styrke til å takle presset.

Jenny Langlo

Jenny Langlo vann «Idol»-finalen i 2011. No takkar ho heimbygda som støtta henne på vegen fram til sigeren.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Idolsigeren er det største ho har opplevd. Men tida før, under og etter finalen er kanskje også noko av det mest forvirrande ho har vore med på. I programmet «God helg» på NRK P1 fortel ho at ho trengde tid for verkeleg å kunne nyte sigeren.

NETTRADIO: Høyr programmet God helg laurdag klokka 07.03

Etter sigeren i «Idol» tok Jenny Langlo seg tid til å stake ut kursen på ny. Ho har gjeve ut to singlar, og eit album er på veg.

– Idol førte til at eg fekk svært mykje å ta inn over meg. Det braut meg slett ikkje ned. Men eg måtte bruke tid på å leve. Det måtte synke inn, fortel Jenny Langlo eitt år etter at ho vann Idol.

For Jenny Langlo blei tid nøkkelen når ho skulle bestemme seg for kva retning karrieren skulle ta etter «Idol»-finalen.

– Dette siste året har vore det mest fantastiske i mitt 19-årige liv. Det har vore opptur på opptur. Men eg må ta den tida eg tykkjer eg har fortent. Å vinne Idol skal vere som ein premie. Det skal vere noko ein kan setje pris på. Eg trengte litt tid for så å kunne setje pris på denne premien, fortel ho.

Jenny Langlo

Jenny Langlo under «Idol»-finalen i 2011. – Det største som har hendt meg, seier ho til NRK.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Takkar heimbygda

Ho var den 18 år gamle jenta som kom frå den vesle bygda ved Storfjorden. Stordal har ikkje mykje over 1000 innbyggjarar. Frå den vesle bygda hamna ho på forsidene av aviser og vekeblad, som vinnar av den norske versjonen av musikkonkurransen Idol.

Men å kome frå ei lita bygd treng slett ikkje representere noko problem når ein kjem ut i den store verda. Tvert om. Jenny Langlo gjev nettopp støtta frå den vesle bygda mykje av æra for styrken ho kunne møte det intense mediekøyret med.

Det var eigentleg heilt ekstremt. Det var som eit hav av støtte og kjærleik som strøymde mot meg. Eg var kasta ut i noko framand, kaotisk og forvirrande. Men det å ha støtta frå heimbygda var utruleg viktig.

– «Vi elskar Jenny»

Jenny Langlo fortel om ein episode frå då ho kom heim etter Idol-finalen. Finalen hadde vore 16. desember. No var ho på veg heim til jul. I det ho kom køyrande ut av Stordalstunnelen, inn langs fjorden og svinga forbi bensinstasjonen i utkanten av bygda, då fekk ho eit syn ho aldri gløymer.

Jenny Langlo

Slike banner hang på lyktestolpane i Stordal i desember 2011.

Foto: Bjørg Jacobsen / Privat

– Der hang det banner på lyktestolpane. Der sto det «Vi elskar Jenny – stem 2». Eg hugsar at skrifta var blå, og bannera blei hengande gjennom heile jula. Det er ikkje mange som får oppleve noko slikt. Det er nok «once in a life time» at ein får banner med namnet ditt på i heimbygda, fortel ei stolt Jenny Langlo.

– Framleis veldig, veldig takksam

Men bannera var ikkje einaste måten heimbygda løfta Jenny Langlo fram på. Bygdefolket samlast kvar gong det var «Idol»-sending. Fredag på fredag møttest dei i ein lokal pub. Puben skal ikkje ha hatt så mange gjester nokon gong som under Idol-finalen.

Eg hadde jobba på denne puben før. Der møttest dei, og stemte og stemte. Eg veit at dei svidde av ganske mange kroner for å stemme meg fram. Eg er framleis veldig takksam, men eg får no litt dårleg samvit også, skrattar ho.

– Stinn brakke

Under finalen var det meir folk på den lokale puben enn det har vore nokon gong.

Alle var der. Det var stinn brakke. Og kommunen hadde til og med brukt pengar på fyrverkeri. Dette skjedde før jul, og det var visst ikkje så mykje fyrverkeri att i bygda til nyttårsaftan, fortel den stolte «Idol»-vinnaren.

Høyr innslaget med Jenny Langlo i programmet God helg.

– Fekk bevare den eg verkeleg er

Medan bygda feira Jenny Langlo var ho sjølv på scenen i «Idol»-studio. Men ho har sett både bilete og video frå heimbygda frå den 16. desember 2011.

– Denne støtta har vore utruleg viktig for meg. Støtta har gjort at eg framleis er den eg var før «Idol»-finalen. Eg har fått bevare den eg er som person. Bygda har sett eit stort merke i hjarta mitt, seier ho.

Den enorme støtta ho fekk, har gjort heimbygda til ein endå større del av identiteten hennar, fortel ho.

– Det er her eg har røtene mine. Det er hit eg kan kome og berre vere meg sjølv. Her er eg trygg. No er eg ikkje heime så ofte lenger. Men eg føler eg er Stordaling, og eg føler sterkt på at eg har ein identitet som stammar frå heimbygda, seier Jenny Langlo i programmet «God helg» på NRK P1.

Publikum på Nilsgardstunet i Stordal før Idol-finalen 16. desember 2011

SLIK FEIRA STORDALINGANE JENNY

– Ingen primadonnanykker

Alt er sjølvsagt ikkje heilt som før. Ho har funne ein plass i ein nådelaus musikkbransje, og ho venjer seg til at ho er å sjå både både på TV, i aviser og på internett. Men ho avviser at ho har fått primadonnanykker på grunn av dette.

– Eg er den same bygdejenta. Kanskje med litt krydder på toppen. Eg trur ikkje eg har fått nokon primadonnanykker, sjølv om eg får høyre at eg er blitt meir vimsete.

– Valde å vere stille etter «Idol»

Jenny Langlo merkar godt at ting i livet har endra seg etter «Idol»-sigeren. Når ho er i heimbygda vil mange snakke. Mange lurer på korleis det står til.

– Eg valde å vere litt stille etter «Idol», og mange har oppriktig lurt på korleis det står til med meg. Det har vore godt å kunne fortelje at det går bra, og at eg har det kjempefint.

Jenny Langlo

Så mykje folk har det ikkje vore på Nilsgardstunet i Stordal, verken før eller etter «Idol»-finalen 16. desember 2011.

Foto: Bjørg Jacobsen

– Som ein stor familie

Jenny Langlo fortel at ho ikkje har opplevd misunning av noko slag i heimbygda. Trass i stor suksess har ho ikkje oppfatta noko slikt i Stordal. Ho trur det kan ha samanheng med det sterke samhaldet i bygda ho kjem frå.

– Det er eit sterkt samhald i Stordal. Det er nesten som ein stor familie. Og eg føler det ekstra sterkt no når eg har flytta ut av bygda. Det er nesten som om heile Stordal er heime min. Det er veldig, veldig lett å snakke med folk der, og eg føler at folk bryr seg oppriktig om meg. Det er ein veldig spesiell følelse.

– Kjenslene skrudde seg av ei stund

På ein måte er ikkje Jenny Langlo overraska over all støtta ho fekk i heimbygda. For ho seier at folket ifrå Stordal er stolte over det bygda har å by på. Men ho fortel at ho blei overraska over kor omfattande og massiv støtta var.

Eg blei slått i bakken over kor mykje støtte eg fekk, og at absolutt alle viste støtte til meg. Eg trur eg grein heile tida. Det var så mykje kjensler. Det er godt å tenkje tilbake på det no. Det er først no eg klarer å kjenne skikkeleg på det. Det blei rett og slett så mykje på kort tid. Det var nesten som om kjenslene skrudde seg av for at det ikkje skulle bli for mykje. Men no i etterkant er det utruleg herleg å kunne tenkje på det. Det gjev meg gode kjensler, seier Jenny Langlo.

Fekk vasskoppar av klemminga

Ho var stor stjerne då ho kom tilbake til heimbygda for å feire jul i desember 2011. Julefesten i bygda blei gjort om til ein velkomstfest for Jenny Langlo. Ikkje minst såg ungane i bygda på Jenny som den verkeleg store superstjerna.

– I ungane sine auge var eg «verdas største superstjerne» i bygda. Alle skulle ha autograf. Det var lang kø. Eg skreiv og skreiv og delte ut veldig mange klemmar. Det resulterte til og med i at eg fekk vasskoppar. Men det var absolutt verdt det, skrattar Jenny Langlo.

I desse dagar utviklar Jenny Langlo musikkarrieren vidare, med Trondheim som base. Eit heilt nytt album skal vere på veg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL