Hopp til innhold

– Eg er nok ikkje den mest typiske politikaren som fins

Det er slett ikkje berre politikk i livet til Jenny Klinge. I det ho seier ta plass i sofaen i stortingsleilegheita i Oslo, kan vi ikkje unngå å legge merke til kunstverka på veggane. Kunstverka ber Klinge sitt namn. Staffeliet står ved det eine vindauget. Elpianoet ved det andre.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge i stortingsleiligheita i Oslo. Livet rommar mykje meir enn politikk, seier ho. I tillegg til politikken driv ho også med målarkunst.

Foto: Terje Reite / NRK

På bordet ligg det skjønnlitterære bøker, og i vindaugskarmen ein bunke med CD-plater.

Politikken får ikkje gjere meg til nokon annan enn den eg er.

Jenny Klinge

– Politikk er slett ikkje det einaste i livet mitt, nei. Og eg er veldig oppteken av at politikken ikkje skal gjere meg til nokon annan enn den eg faktisk er, seier ho allereie før samtalen er i gang.

Jenny Klinge

Jenny Klinge møtte på Stortinget for første gong i 2005, då som vararepresentant. Då ho fekk fast plass på Stortinget i 2009, blei ho medlem i Justiskomiteen.

Foto: Senterpartiet

Jenny Klinge står på førsteplassen på lista til Senterpartiet i Møre og Romsdal. Etter fleire meiningsmålingar å døme er dette ein utsett plass. Ho må kjempe for denne plassen. Det gjer ho under slagordet «Klinge på tinget»-

Eg er ikkje den mest typiske politikaren som fins.

Jenny Klinge

– Eg er nok ikkje den mest typiske polikaren, og slett ingen broiler. Eg har ikkje vore gjennom politiske leiarutviklingsprogram, og er mest driven av eit engasjement og ei uro, seier ho. Eg har nok eit temperament som ikkje er lett å stagge, legg ho til.

Jenny Klinge

Jenny Klinge har feira ei rekkje sigrar som politikar. No spørs det om ho kan løfte hendene også etter valdagen i september.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Fylkestinget blei pompøst

Jenny Klinge går faktisk langt i å åtvare mot negative utslag av politisk arbeid. Ho meiner norske politikarar godt kunne lære å lytte litt meir til kvarandre.

Fylkestinget blir fort pompøst og sjølvhøgtideleg.

– Det verkar som om det ikkje alltid er resultata som tel, men at sjølve spelet er viktigare. Eg trur politikarane i kommunane er flinkare til å snakke med kvarandre på tvers av partigrensene, seier ho. Likevel likar ho arbeidet i Stortinget betre enn i Fylkestinget. Fylkestinget blir lett både pompøst og sjølvhøgtideleg. Slik er det ikkje på Stortinget, seier ho.

Middag slottet

Å vere representant på Stortinget inneber mange forskjellige oppdrag. Her er Jenny Klinge på veg til middag på Slottet, saman med partikollega Ola Borten Moe.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Vende om frå bokmål til nynorsk

Det politiske engasjementet blei på mange måtar vekt gjennom målsaka. Jenny Klinge er bokmålsjenta som blei omvend til å bli ein sterk forkjempar for nynorsken. Ho gjev ein lærar på skulen heime i Surnadal æra for den språkpolitiske bevisstgjeringa.

– Han meinte eg burde gå over til nynorsk. Nynorsken stod veldig godt til dialekta mi, meinte han. Og eg fekk etter kvart sansen for det folkelege, politiske ved nynorsken. Det handla om at folk ikkje må skjemmast av opphavet, særpreget og identiteten sin.

Klinge fortel engasjert om korleis avgjerda om å gå over til nynorsk vaks fram. Etter kvart ivra ho sterkt for å fortelje læraren om at ho hadde bestemt seg. Det var tett inn under jul. Gledestrålande skunda ho seg med å gjere ferdig noko ryddearbeid etter eit julearrangement, og ville nå tak i læraren. Men ho rakk ikkje bussen. Den dagen døydde læraren. Ho rakk aldri å fortelje han kva ho hadde bestemt seg for.

– Dette blei så sterkt for meg då eg såg flagga på halv stong, at avgjerda om å gå over til nynorsk sit veldig sterkt i meg, seier ho.

– Viktig å bryte tabu

Jenny Klinge har fått døden nært inn på seg ved fleire høve. I dag angrar ho ikkje på at ho snakka ope om at mannen hennar tok sitt eige liv.

– Folk kom uansett til å få vite det. Og det er viktig at det ikkje skal vere tabubelagt. Det var riktig av meg å vere open om det den gongen. No blir eg jo mint på det, men det er ikkje noko eg tek initiativ til å snakke så mykje om no, seier ho.

– Det går fort i svingane

Telefonen kimar og pip. Denne telefonen kom forresten pr. post tidlegare i dag. Ho hadde lagt han att på eit hotell i Molde. Noko Jenny Klinge sjølvsagt melde frå om på Facebook.

– Eg er ein seriøs politikar, men eg tek ikkje meg sjølv så høgtideleg heile tida. Og eg trur det er greitt at folk får vite at det blir nokre tabbar når det går for fort i svingane. Facebookmeldinga om at var nær ved å gløyme bilen sin og bestilte drosje frå eit hotell til flyplassen i Molde førte også til mange humoristiske kommentarane frå følgjarane hennar.

Jenny Klinge

Jenny Klinge har vore sjølvstendig næringsdrivande, noko som har gjeve henne møte med byråkratiet. Ei av fanesakene hennar er å redusere byråkrati og lammande regelverk.

Foto: Erlend Fuglum, Sp

– Eg organiserer og tek ansvar

Ho legg imidlertid vekt på at ho ikkje kan svare på telefonen med ein gong han ringjer alltid. Men når fylkessekretæren i Senterpartiet ringer, og når det ligg beskjed frå entreprenøren som byggjer det nye huset til Jenny, sonen og sambuaren, då må ho kommunisere.

– Eg har alltid vore den som må organisere og ta ansvar. Akkurat no er det innspurten i husbygginga. No måtte eg bestemme korleis vi skulle ordne det med nokre veggplater. Litt dårleg timing at innspurten kjem midt i valkampen. Men det skal bli godt å flytte inn i eigen heim, seier ho med eit blikk som viser at dette betyr mykje for henne.

Det nye huset ved Todalsfjorden skal stå innflyttingsklart i løpet av hausten.
Men å bu i Surnadal og jobbe i Oslo er ikkje like enkelt. Ho er ein av Stortingsrepresentantane som har lengst reiseveg.

– Det tek lenger tid å reise mellom Surnadal og Oslo enn Tromsø og Oslo. Ein ting er reisetida mellom Surnadal og flyplassen i Molde. Noko anna er at flytilbodet mellom Molde og Oslo ikkje akkurat har blitt betre i det siste.

– Ein energi med voldsom uro

Men uansett reiseavstand: Det er i Surnadal, ved Todalsfjorden Jenny Klinge skal bu. På garasjeloftet blir det atelier. Der skal ho få utløp for den kunstnariske åren ho har i seg.

Energien kjem av og til frå ei voldsom uro.

Jenny Klinge

– Eg kjem liksom heilt inn i ei anna verd når eg malar. Malinga er meir enn berre ein syssel. Av og til kan eg halde på langt ut over kvelden og natta. Enkelte gonger kan det kome det utrulegaste, særleg når eg får denne energien av ei voldsom uro i meg, seier ho.

Kunsten hennar heng i dag i nokre bankar og offentlege bygg. Amfi-kjeda har kjøpt inn kunstverk og fleire bedrifter har gitt kunst ho har laga som gåver.
I byrjinga av nominasjonsprosessen før stortingsvalet i 2009 følte ho at ho blei sett fram for eit val. Skulle ho satse på politikken, eller skulle ho satse på ein karriere som kunstnar.

– Eg hadde sett for meg ein periode på kunsthøgskulen. Men eg valde politikken. Nokre tykkjer nok også at eg har teke med meg ein del av kunstnarsinnet inn i det politiske arbeidet. Jenny, MÅ du, tenkjer eg også av og til sjølv også, men slår meg til ro med at det ER slik det er.

Jenny Klinge

Jenny Klinge seier ho av og til fyrer seg opp og kan bli svært engasjert. Men det er sjeldan spontanreaksjonar. Det handlar gjerne om ting ho har tenkt på i lengre tid, seier ho i dette intervjuet.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Fyrer meg opp av og til

Jenny Klinge er ikkje typen som angrar på utspel. Men det kan nok tenkjast at ikkje alle har vore like glad for alt ho har skrive i blogginnlegg.

– Eg fyrer meg opp. Men då er det ikkje berre spontanreaksjonar. Det er gjerne ting eg har tenkt på i lengre tid, seier ho.

Dei største kontroversane kom då ho refsa norske medium for å vere moralistar, då statssekretær Roger Ingebrigtsen (Ap) måtte gå som følgje av ei sexhistorie med ei jente som var fleire år yngre enn han.

– Eg er sikkert noko av det som er lengst unna ein moralist du kan kome, så lenge det som skjer er innanfor lovens rammer, er frivillig og ikkje handlar om overgrep, seier ho. Men, jauda, det blei reaksjonar internt i Sp også, medgir ho. Det er eit temperament som ikkje kan temjast, legg ho til.

– Stopp kriminelle utlendingar

Jenny Klinge innser at fleire saker ho frontar kan balansere på ein tynn knivsegg. Ho er tydeleg på at ho vil forby tigging, og ho vil melde Noreg ut av Schengen, mellom anna for å stoppe utanlandske omreisande kriminelle.

– Eg hamnar ikkje i FrP-retorikken, og eg ser det positive i arbeidsinnvandring. Men dei som ikkje er lovlydige øydelegg for dei som er her for å drive ulovleg arbeid.

Ho vil legge Schengen si yttergrense til Svinesund og resten av grensa mot Sverige og Finland. Og ho vil ha eit absolutt forbod mot tigging.

– Tigging er ikkje noko godt sosialt sikkerheitsnett. Velferdssamfunnet byggjer på at vi tek utdanning og skaffar oss arbeid. Eg kallar det omsorgssvikt når barn blir lært opp til å tigge. Godtek vi tigging, er vi nær ved også å godta både barnearbeid og sosial dumping, seier ho. Endringane i politilova som gjev løyve til å avgrense tigging er eit første, lite steg. Vi skulle ha gått lenger, legg ho til.

– Viktig med lokale pådrivarar

Som medlem i justiskomiteen har ho i hovudsak arbeidd med rikspolitiske tema desse fire åra. Men i perioden før 2009 møtte ho som vara i Transportkomiteen. Dermed har ho arbeidd mykje med samferdslesaker også i fireårsperioden som no er over. Ho snakkar seg varm om Møreaksen som er blitt kjempa langt fram i køen av norske prosjekt. Ho tenkjer tilbake til 2008, då ho møtte aksjonsgruppa i Gjemnes som ville ha gangveg langs E39 mellom Batnfjordsøra og Krifast. Resultatet blei den nye vegen oppe i lia. Ho snakkar om Halsafjorden og Hafast og Fefast.

– Ingen av desse prosjekta hadde blitt noko av utan pådrivarar. No ligg alt til rette for at mange av prosjekta blir realiserte i rask rekkjefølgje, seier ho.

– Større respekt for matproduksjon

Som Senterparti-politikar rekk ho sjølvsagt ein tur innom landbruket også. Ho vil tette gapet mellom inntektene til bøndene og dei som livnærer seg av anna arbeid.

– Det er for liten respekt for den grunnleggjande produksjonen. Vi må verdsetje at det blir produsert mat i dette landet. Lokal matproduksjon handlar også om beredskap. Norsk landbruk er effektivisert, men det er leit at effektiviseringsgevinsten ikkje blir att i landbruket, seier ho.

– Ingen plan B

Ifølgje meiningsmålingane er det svært usikkert om Jenny Klinge kjem på tinget att. Mykje kan endre seg, og meiningsmålingar og val gjev ofte ulike utslag. Ei meiningsmåling i mai kunne tyde på at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti kjempar om eitt og same mandatet i Møre og Romsdal.

Og Jenny Klinge har ikkje tenkt ut nokon plan B. Ho har rett og slett ikkje klart for seg kva ho skal gjere om ho må ut av Stortinget etter valnatta.

– Nei, eg har ingen plan B. Eg vonar i så fall at det blir noko i nærleiken av Surnadal. Eg er ikkje oppteken av status, verken når det gjeld yrke eller andre ting. Eg har vore malar på industribygg, og eg likte det også.

Drøymde om å bli NRK-korrespondent

Men Jenny Klinge avslører at ho alt på barneskulen lanserte eit par forholdsvis utradisjonelle yrkesval. Mens mange av dei andre elevane ville bli politi, brannmann og flyvertinner, proklamerte ho jobbønske som medelevane sikkert ikkje hadde tenkt på ein gong.

– Ja, eg svarte stortingspolitikar og NRK-korrespondent i Moskva, skrattar ho.

– Du har gjennomført den eine halvparten av planen frå barneskulen. Då gjenstår neste halvdel?

– He-he, nei, det høver vel ikkje så godt å gå direkte frå stortingssalen til nyheitsjournalistikken, seier ho, utan å verke påtrengande redd for å skulle bli utan noko å gjere etter valnatta.