Politistasjonssjef i Molde Per Karstein Røv - Per Karstein Røv er politistasjonssjef ved Molde politistasjon, og er blant dei som står utan båt. - Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Per Karstein Røv er politistasjonssjef ved Molde politistasjon, og er blant dei som står utan båt.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Politiet kan ikkje bistå på sjøen

Det finst ingen politibåt mellom Bergen og Trondheim. Dersom det skulle skje noko til sjøs må politiet halde seg på land.

Per Karstein Røv politistasjonssjef ved Molde politistasjon - – Vi har ikkje politibåt, seier politistasjonssjefen i Molde. - Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Vi har ikkje politibåt, seier politistasjonssjefen i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Per Karstein Røv er politistasjonssjef ved Molde politistasjon, og er blant dei som står utan båt viss noko skulle skje på sjøen. Viss noko eller nokon treng bistand frå politiet til havs er politiet i Molde hjelpelause.

– Vi har ikkje politibåt, og det er ikkje forsvarleg å bruke sivile i kystbåtar til alle type oppdrag, fortel Røv.

Politiet må difor vere landkrabbar, om dei vil eller ikkje.

Dårleg økonomi

Torbjørn Aas politimester ved Vestfinnmark politidistrikt - Fleire politidistrikt langs kysten manglar politibåt. Vestfinnmark politidistrikt er ein av dei.NRK

Fleire politidistrikt langs kysten manglar politibåt. Vestfinnmark politidistrikt er ein av dei.

Foto: NRK

Fleire politidistrikt langs kysten manglar politibåt, og mange politidistrikt som har hatt båtar tidlegare har måtta selje dei på grunn av nedskjeringar. Politimeister i Vestfinnmark politidistrikt, Torbjørn Aas, meiner at dei prioriterer riktig ved å ha føtene godt planta på jorda.

– Det viktigaste for oss er å ha dei tilsette i arbeid der det er størst behov for politifolk, og det er på land. Det er vår prioritet, og då blir båt lenger nede på lista, seier politimeisteren.

Fordeling av ressursar

Justisminister Grete Faremo i Stordal - Grete Faremo (Ap), seier at det er opp til politidistrikta sjølve å prioritere sine tildelte ressursar.
- Foto: Markus Plementas / NRK

Grete Faremo (Ap), seier at det er opp til politidistrikta sjølve å prioritere sine tildelte ressursar.

Foto: Markus Plementas / NRK

Då politiets beredskapstropp var på veg til Utøya i sin lokale politibåt var dei avhengige av båt for å ta gjerningsmannen, men så fekk dei motorstopp. Eit år etter terroråtaket seier fleire politisjefar til NRK at dei ville hatt store problem med å takle væpna aksjonar på sjøen. Justisminister, Grete Faremo (Ap), seier at det er opp til politidistrikta sjølve å prioritere sine tildelte ressursar.

– Dei enkelte politidistrikta har fått tildelt sine ressursar frå politidirektoratet, og dei har auka år etter år. Kva som er den riktige prioriteringa lokalt må den lokale politimeisteren avgjere, seier justisministeren.

Grete Faremo i politibåt - Her er justisminister Grete Faremo om bord i ein politibåt. Slikt har vi ikkje i Møre og Romsdal.NRK

Her er justisminister Grete Faremo om bord i ein politibåt. Slikt har vi ikkje i Møre og Romsdal.

Foto: NRK

Siste video/lyd

Her er dagens utvalde.
Heilt sidan 1900-talet har den oversvømde setra i Norangsdalen vore ein attraksjon. Vegvesenet fryktar at dykkarar øydelegg kulturminnet.
Sjåarbilete