Hopp til innhold

Ikkje ekstremvêr i Møre og Romsdal

- Ikkje over sterk kuling. Meteorologane kansellerer ekstremvêrvarselet for Møre og Romsdal.

Ekstremværet Nina grafisk fremstilling

Det ser ut til at Møre og Romsdal ikkje får så farleg ver som områda lenger sør.

Vinden kjem truleg ikkje over sterk kuling i fylket, melder Meteorologisk Institutt klokka 09.37 laurdag.

På landsplan ser ekstremvêret «Nina» ut til å bli kraftigare enn venta, og vil feie inn over både Hordaland og Sogn og Fjordane med orkans styrke laurdag ettermiddag.

Stormsenteret ligg ved Shetland og kjem inn mot kysten av Sogn i ettermiddag. Det er då venta å dele seg i to, der ein del kjem utanfor Møre og Romsdal i kveld. Den andre delen flyttar seg til det sørlege austlandet. Den sterkaste vinden er sør og vest for dette siste lågtrykket.

Mange instansar har hatt høg beredskap knytt til at «Nina» skulle kome inn over Møre og Romsdal. No tyder alt på at vinden blir svakare enn venta.

Meteorologane var laurdag morgon usikre på korleis vinden ville bevege seg, og opprettheldt derfor ekstremvêrvarselet for Møre og Romsdal inntil vidare.

Fredag kveld kom Meteorologisk Institutt med dette vêrvarselet:

«Lørdag kveld ventes det på Sunnmøre økning til vestlig liten storm, kan hende opp i full storm 25 m/s med vindkast 35-40 m/s. Vinden minker natt til søndag. Det ventes høye bølger inn mot kysten, signifikant bølgehøyde kan bli 7-10 meter utenfor kysten av Sunnmøre. I Romsdal og på Nordmøre ventes det søraust stiv eller sterk kuling utsatte steder. Varselet er fortsatt usikkert, og vi kan enda ikke utelukke sterkere vind i dette området».

Ba folk følgje med

Beredskapssjef Ketil Matvik Foldal sa laurdag til NRK Møre og Romsdal at det er viktig at folk følgjer med på nyheiter og vermeldingar.

No blir det mindre vind, og truleg ikkje så farleg og ekstremt som ein hadde budd seg på i Møre og Romsdal.