Hopp til innhold

Dei fekk bilen avskilta etter forsikringsrot

Forsikringsselskapet skjønte ikkje at Roger og Thor-André var sambuarar. Det enda med at bilen deira blei avskilta.

Roger Remøy og sambuaren Thor-André

Roger Remøy (til høgre) og sambuaren Thor-André, som opphavleg kjem frå Sunnmøre, var oppgitt etter alle misforståingane mellom If og dei. Det heile enda i gule roser og eit handskrive kort.

Foto: Privat

Roger Remøy (32) og sambuaren Thor-André (24) såg for seg at eit bytte av forsikringsselskap skulle vere ei enkel sak. Etter fleire månader og fleirfaldige telefonsamtalar møtte If personleg opp med blomster på Remøy sitt kontor i Oslo.

Vegen var lang og slitsam, men også komisk fram til blomane møtte Remøy. Det heile starta i 2013 då dei fekk eit freistande tilbod frå If Skadeforsikring – og då er det vel naturleg å bytte?

– I allereie den første samtalen med If fekk vi beskjed om at bilen var forsikra, og at alt var i orden. Flott tenkte eg. Bilen er forsikra, eg betalar mindre enn før – det er eg nøgd med, fortel Remøy.

Brev om manglande forsikring

Roger Remøy postet denne statusen på Facebook

Remøy la ut denne statusen på Facebook etter at If ringde om manglande forsikring – igjen. Hald fram med å lese for å sjå korleis det heile enda. (Klikk på biletet for forstørring).

Foto: Skjermdump

Etter om lag fire månader finn sambuarparet eit brev frå Statens vegvesen i postkassa. I brevet går det fram at bilen er tilrådd avskilta på grunn av manglande forsikring.

– Då kjenner eg at eg blir irritert, men klistrar på meg eit smil og ringer If for å sjekke kva som har skjedd, seier Remøy.

Paret fekk raskt beskjed om at det var feil på forsikringa. Thor-André var registrert som eigar, men forsikringa stor i Roger sitt namn. Det går ikkje, seier kunderådgivaren i If.

– Vi forklarte igjen at vi var sambuarar, og som venta fekk vi klar beskjed om at det var heilt ok at bilen var registrert på han medan eg stod for forsikringsbiten. Alt blei gjennomgått på nytt, og vegvesenet fekk kontrabeskjed om avskiltinga.

Då svartnar det nesten for meg. Eg er berre åtte år eldre enn Thor-André. Eg forklarar igjen at vi er sambuarar, altså kjærastar og forlova. Ikkje far og son.

Roger Remøy

Telefonen ringer på nytt

Fire nye månader går, og på veg til jobb får Remøy ein fortvila telefon frå sambuaren. Bilen er avskilta.

– Då blei eg sint. Med bestemt stemme ringer eg If og forklarer at nok er nok. Kunderådgivaren forklarer igjen at forsikringa må stå på bileigaren. Ho finn fram telefonloggen frå tidlegare samtalar, og seier at der står det at far har fått beskjed om at sonen må teikne forsikring for eigen bil.

– Då svartnar det nesten for meg. Eg er berre åtte år eldre enn Thor-André. Eg forklarar igjen at vi er sambuarar, altså kjærastar og forlova. Ikkje far og son, fortel han.

Får rekning frå biltilsynet

Det enda heller ikkje med denne telefonsamtalen. Nokre timar seinare reiste Thor-André til biltilsynet for å hente skilta. Då blei han fortalt at det kosta 1400 kroner å få skilta tilbake. Remøy sende denne kvitteringa til If med det same, og fekk beskjed om at det skulle sjølvsagt bli dekka av dei.

Sommaren 2014 er på hell, og Remøy har ikkje lagt merke til at pengane har kome på konto. Han får If på tråden igjen, og får beskjed om at pengane skal kome på konto om nokre få dagar.

Knapt ei veke seinare ringer telefonen igjen.

– Då fekk eg forklart at dei ikkje kunne dekke avskiltinga fordi bilen står i Thor-André sitt namn, og ikkje mitt. Eg forklarar, for enda gong, at vi bur saman som kjærastar. Vi er ikkje brør, og heller ikkje far og son.

Remøy fortel at det vert stille i den andre enden, og med mjuk stemme kjem kunderådgivaren med ei unnskyldning.

«Eg beklagar. Det er ikkje noko gale med forsikringa. Eg legg meg flat».

Roger fikk gule roser fra If som unnskyldning

Etter at Remøy la ut ein Facebook-status som forklarte den trasige situasjonen fekk han blomster rett på kontoret. Det var eit veldig fint plaster på såret, meiner han sjølv.

Foto: Privat

Facebook blei løysinga

Remøy fekk nok, og reagerte med å legge ut ei utblåsing av ein status på Facebook. Det fekk If nyss i. Denne veka blei Remøy personleg ringt opp av sjefen for kundeservice som beklaga det som hadde skjedd. Litt seinare på dagen fekk han besøk på kontoret.

– Ei anna dame frå If kom med blomster og unnskyldningar i fleng. Dei forsikra meg om at dei tar dette alvorleg, og at det aldri vil skje igjen. Eg gir dei ein sjanse til, seier Remøy, som no ser på det heile med ein god dose humor.

– Slurv er årsaka til rotet

Informasjonsdirektør i If Skadeforsikring, Jon Berge.

Jon Berge, informasjonsdirektør i If Skadeforsikring, forstår godt at Roger og Thor-André har vore oppgitte.

Foto: If Skadeforsikring

Han er overbevist om at surr og rot er skuld i at det gjekk så lang tid før dei fekk orden i papira. Det er Jon Berge, informasjonsdirektøren i If Skadeforsikring, einig i.

– Eg trur at i dette tilfellet har ei enkel sak utvikla seg til å bli unødvendig komplisert. I det siste har vi i If fokusert på at alle skal forsikre eigedelar på rett måte – altså at eigar skal stå for forsikringa. Men eit par kan sjølvsagt gjere det på denne måten, som Roger og Thor-André har gjort det, så lenge dei bur på same adresse, seier Berge.

– Ubegripeleg at det tok så lang tid

Han meiner at det er heilt ubegripeleg at If ikkje har klart å rette opp i feilen etter fleire telefonsamtalar. Han håper at paret ikkje har oppfatta situasjonen som fornærmande.

– Rot og slurv i den første telefonsamtalen står bak, og derifrå har det berre balla på seg. Vi skulla absolutt høyrt betre etter, og oppklart dette tidlegare. Dette er heldigvis ikkje kvardagskost, fortel informasjonsdirektøren.

Han lover at dei har lært av situasjonen – og at det aldri vil skje igjen. Det er sjeldan dei leverer blomster på døra til kundane.

– Vi har faktisk snakka med forsikringstakaren om å bruke dette tilfellet i framtidig læring og som eksempel for kva som absolutt ikkje skal skje. Heile situasjonen er komisk, men det er absolutt ikkje moro å få bilen avskilta på feil grunnlag. Då hadde eg også blitt sint, forsikrar Berge.

Håper at det aldri skjer igjen

Remøy veit akkurat kva han skal be om viss han får ein ny telefon frå If om manglande forsikring.

– Viss If ringer ein gong til og seier at forsikringa vår er ugyldig så skal eg ha gratis forsikring i to år – minst. Men eg er ganske overbevist om at dette aldri skjer igjen. Det har eg fått garantert, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL