Hopp til innhold

I dag kom damene til Atlanterhavsparken

For om lag ei veke sida flytta to staute ungkarar inn i sin nye bustad på Atlanterhavsparken. I dag fekk dei selskap av fire fine frøkner.

I dag kom fire nye selar til Atlanterhavsparken i Ålesund. Til no har to hannselar rådd grunnen aleine, men i dag kom damene. Sjå selane sitt første møte med sin nye heim.

SJÅ VIDEO: Her kan du sjå selane sitt fyrste møte med Atlanterhavsparken.

Inne i ein liten varebil stod fire spente damer klare for å flytte inn i sin nye bustad på Atlanterhavsparken i Ålesund.

atlanterhavsparken

SPENTE: Inne i lastebilen stod fire selar klare for å sjå sin nye heim.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mange hadde møtt opp for å ta i mot dei nye gjestane, og både tilsette og selar var spente før døra til lastebilen blei opna.

– Ja no er dei veldig klar. Dei kikar sjølvsagt rundt og lurer veldig på kva som skjer, men dei er veldig rolege, fortel Einar Vik ved Atlanterhavsparken.

Det er litt over ei veke sidan dei to fyrste kystselane flytta inn i den nye seldammen på Atlanterhavsparken i Ålesund.

Atlanterhavsparken har sidan 1998 vore ein av dei mest moderne akvaria i Nord-Europa. Her kan man få nærkontakt med fiskar og sjødyr frå Atlanterhavet, som ligg rett vest for akvariet.

Nysgjerrige

Det er berre seks dagar att før den nye seldammen opnast opp for publikum, og etter ein lang køyretur kom dei siste hovudpersonane Ålesund i dag.

– Ja, dei har køyrt mange mil. To av dei henta vi i Zurich, dei heiter Novia og Novik. Dei to andre henta vi i Augsburg, dei heiter Nile og Maike, fortel Vik idet rampa ned frå varebilen blir gjort klar.

Saka held fram etter biletet.

sel

UTFORSKA: Dei fire selane utforska den nye heimen sin.

Foto: silje bjerknes / nrk

Og så kika den fyrste selfrøkna fram, fyrst litt forsiktig, men så byrja ho på turen ned rampa til stor glede for dei frammøtte. Nestemann var derimot litt meir usikker og snudde halvvegs nede på rampa. Etter ei lita rettleiing frå dei tilsette valde også ho å bevege seg nedover mot strandkanten.

Den tredje og fjerde selen følgde etter, og til slutt var alle dei fire selfrøknene på plass i den store dammen. Atlanterhavsparken håpar den nye store attraksjonen vil bli ein stor suksess.

– Du ser dei har allereie byrja å symje rundt å utforske området, så dette ser lovande ut, fortel Vik.

Kjærleik ved fyrste blikk?

Og så kom augneblinken alle hadde venta på. Det var klart for det fyrste møtet mellom dei to ungkarane og dei fire frøknene.

Det tok litt tid, men etter kvart våga den fyrste av dei to herrane seg fram frå gøymeplassen sin for å ta i mot dei nyinnflytta. Kanskje var det kjærleik med fyrste blikk, kven veit? Men han fant raskt tonen med ei av dei nye damene.

sel

SOSIALE: Dei nye selane er svært sosiale og nyfikne.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Dei er nok alle litt reserverte i starten, men eg trur det blir fest etter kvart, seier Vik og ler.

Han seier det blir spanande å sjå korleis forholdet mellom selane utviklar seg, men fortel at han allereie har sett ein klar tendens.

– Eg trur nok det blir damene som sjekkar opp munnane. Det er tydeleg at damene er mykje meir frampå. Det har kanskje noko med at dei selane som kjem frå Europa er meir vande med menneske enn dei to som kjem frå Lofoten, fortel Vik.

Over all forventning

Dei seks selane er av typen kystsel, og ifølgje Vik er desse selane svært sosiale.

– Dei er veldig nysgjerrige og kontaktsøkande. Så får vi nok sjå meir av personlegdommen deira etter kvart.

Dagleg leiar Tor Erik Standal tykkjer det fyrste møtet gjekk over forventning. Han er glad for at dei no har fått på plass seldammen ved Atlanterhavsparken.

Standal

NØGD: Tor Erik Standal tykkjer det fyrste møtet gjekk over forventing.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har jo prøvd å vise eit best mogleg bilete av livet ved havet på norskekysten, og då er selen ein naturleg del av dette. Spesielt kjekt er det å vise fram ein selart som finst her på kysten, fortel Standal.

Utstyrt med eiga sandstrand, i ein 6000 kvadratmeter stor dam med ferskt sjøvatn skal dei seks selane leve livets glade dagar. Og kanskje blir dei fleire etter kvart?

– Det er eit godt teikn dersom damene blir drektige, då betyr det at dei trivst. Så vi får vente å sjå kor det går. Men det hadde sjølvsagt vore kjekt dersom vi fekk nokre selungar, seier Standal.