Hopp til innhold

I dag kan du sjå den lengste «Merkurpassasje» på 46 år

I dag passaren planeten Merkur framfor sola og denne passasjen vil vere synleg frå heile Noreg i fleire timar. Førre gong ein kunne oppleve dette fenomenet i Noreg var i 2003.

NRK Trøndelag sendte direkte fra Merkurpassasjen

Klokka 13:12 blei Merkur først synleg på sola si overflate.

Ein Merkurpassasje oppstår når Merkur kjem mellom sola og jorda, og planeten ser då ut som ein knøttliten, mørk skive som sakte beveger seg over solskiva.

I løpet av sju og ein halv time vil solsystemets inste og minste planet langsamt gli framfor solskiva sett frå jorda. Merkur dukkar opp frå klokka 13.12 måndag og vil vere synleg i fleire timar.

Knut Aarseth, også kalla «Komet-Knut», er drivar av astronomisenteret Kometland i Volda og har følgt passasjen nøye.

– No ser eg den tydeleg på solskiva. Det er ein svart silhuett som står i flott kontrast mot den gule solskiva. Det er spektakulært å sjå, seier han.

Sjeldan fenomen

Det er 13 år sidan Merkurpassasjen var så tydeleg i Noreg.

– Det er eit sjeldan fenomen og det går lang tid mellom kvar gong, så dette måtte eg nesten få med meg, seier Aarseth.

Merkurpassasjen

På bilete ser ein planeten Merkur til venstre for den store solflekken inne på solskiva. Bilete er tatt frå Kometland i Volda tidlegare i dag.

Foto: Knut Aarseth

Han har hatt fleire besøkande ved Kometland i dag, og ønskjer fleire velkomne.

– Alle som vil kan kome å sjå. Vi har jo perfekt vêr i dag også. Eg hadde frykta at det ville skye over så eg var førebudd på å reise ein annan plass for å få det med meg, men det slapp eg heldigvis, seier Aarseth.

Fordi planetskiva er så liten, kan ein ikkje sjå passasjen ved hjelp av det blotte auge og solformørkingsbriller. Men ein bør vere forsiktig dersom ein ønskjer å få med seg dette fenomenet måndag.

– Ein bør ha eit godkjent solfilter eller ein fjernkikkert, og det er viktig at solfilteret er framfor linsa. Ein kan bli blind dersom ein er uforsiktig, så det er farlege saker dette, seier Aarseth.

Neste gong ein kan sjå Merkurpassasjen er i november 2019. Etter det er det ikkje mogleg å sjå den før i november 2032.

– Merkurpassasjen blir synleg fram til 20.37 i kveld. Då forlèt Merkur solskiva, seier Aarseth.

NRK sendte direkte fra Merkurpassasjen 09.05.2016

NRK Trøndelag følgde Merkurpassasjen direkte. Her kan du sjå heile sendinga.