Hopp til innhold

Startskot for borgundfjordfisket

Kvar vår i mange hundre år har fiskarane samla seg i Borgundfjorden i Ålesund. Søndag gikk startskotet for årets fiske.

Borgundfjordfisket

Frå i dag kan fritidsfiskarar innta Borgundfjorden i Ålesund.

Foto: NRK

Nærast midt i Ålesund sentrum med daglege anløp av cruiseskip og fraktefarty går føre seg Borgundfjordfisket. Torsken kjem inn i Borgundfjorden for å gyte og ut over våren ligg båtane tett i tett for å fiske. Kysttorsken som kjem inn fjorden er freda, så det er berre fritidsfiskerane som får delta.

– Vi som har halde på i mange år, er like entusiastiske kvar gong. Det er berre heilt fantastisk å ligge ut på fjorden, seier Stein Magne Hoff.

LES OGSÅ:

Inviterer bedriftskundar på fiske

Han prøvde fiskelukka i dag, men var litt for sein. Fisken bit best morgon og kveld. Dei andre han prata med fekk fin torsk på mellom 15 og 20 kg.

Kvart einaste år tar Hoff med seg grupper ut på fjorden. Ofte er det lokale bedrifter som inviterer med kundane ut på dette heilt spesielle fisket. Også danskar og svenskar står på kundelista til Hoff.

Snorre nemnde fisket

Borgundfjordfisket har gått føre seg heilt sidan til mellomalderen, og er nemnt i Snorres kongesagaer.

I 1756 skal nesten 500 båtar ha delteke i fisket. Mytane seier at det var så mange båtar som låg på fjorden at det var mogleg å gå tørrskodd frå Borgundgavlen og over til Slinningen.

– Det hender seg ofte at vi får så mykje fisk at eg må flytte båten. Det tar heilt av og vi vil jo ikkje ha alt for mykje fisk, ler Hoff.

Skipper Stein Magne Hoff vet hvor de beste fiskeplassene er.

Stein Magne Hoff gler seg til å ta med den første gruppa med kundar på fiske måndag.

Sesongen for torskefisket på Mørekysten nærmer seg slutten for denne gang. Her kan du nyte kortversjonen av NRKs sending fra Borgundfjordfisket.

I 2014 sende NRK Møre og Romsdal fleire timar direkte frå Borgundfjordfisket. Høgdepunkta kan du sjå her.

Borgunda og Borgundfar er de nye kjendisene på Atlanterhavsparken

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL