Hopp til innhold

– Spesielt jentene gler seg til denne dagen

I dag er det Luciadagen og for dei største jentene i Hauemarkja barnehage er det stort å få bere krone på hovudet.

Luciafeiring på Larsnes

Andrea Tødenes (t.v) og Rebekka Skoge gler seg til å ete mange lussekattar og gå i Luciatog på Larsnes i dag.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

I barnehagen på Hauemarkja på Larsnes i Sande kommune var det i dag tidleg Luciatog. Spente born hadde kledd seg i kvite skjorter og pynta seg med glitter i håret.

– Spesielt dei store jentene gler seg til Luciadagen, for då får dei ha krone på hovudet for første gong, seier styrar Hege Beitveit.

Ho meiner Luciadagen er ein viktig tradisjon for barnehagen og ein fin del av adventstida.

Barnehagen har både baka lussekattar og kjøpt inn nye lys til denne dagen.

Tobias Ekroll Fiborg gler seg med til å ete lussekattar.

– Vi feirar Luciadagen fordi Jesus snart vart fødd, seier Tobias.

Han og dei andre borna gjekk både til Sandetun og Haugatun der dei eldre fekk høyre Luciasongen.

I barnehagen på Hauemarkja i Sande kommune var det i dag tidleg Luciatog med kvitkledde born med glitter i håret.

Tobias Ekroll Fiborg, Andrea Tødenes, Rebekka Skoge og Odin Leander Torsvik Skrede i Luciatog.