– Me fekk melding om brann i ein komfyr klokka 20.06. Me har køyrt ut til Brandal i Hareid kommune, seier 110-operatør Steinar Sandvik i Møre og Romsdal.
– Me har starta med røykdykkarinnsats. Det er kraftig røykutvikling, seier Sandvik til NRK klokka 20.25.
Brann i smultgryte
Politiet opplyser seinare at brannen er på eit kjøkken i ei sokkelleilegheit.
Brannvesenet og politiet er på staden, og alle personar er ute av bygningen.
– Brannen har oppstått i forbindelse med bruk av ei smultgryte, og brannen er no sløkt, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt klokka 20.43.
Dei to som var i leilegheita blir tatt med til lege for sjekk, og det blir oppretta sak.